Det seier valforskaren, førsteammanuensis Tor Bjørklund, ved Universitetet i Oslo til Bergens Tidende.

Dette inneber at Ap sin veg tilbake mot «gamle høgder» truleg vil vere mykje lengre og tyngre enn det partileiinga hittil har gjeve inntrykk av.

-Heimesittinga jamnt fordelt

— Analysane av valet i 1999 og valdagsmålingane som MMI gjorde i 2001 viser at heimesittinga er nokså jamnt fordelt mellom alle parti. Det er ikkje slik ifylgje valstatistikken, at Ap har gått særleg mykje tilbake der valdeltakinga har falle sterkt. Dette inneber at Ap ikkje har større reservar mellom heimesittarane enn andre parti, seier Bjørklund.

Analysar av situasjonen frå fylke til fylke gjev heller ikkje noko lysteleg bilete for Ap.

Mista 30 prosent

Partiet har gått tilbake ved dei siste stortingsvala frå rundt 35 prosent til rundt 24 prosent dei siste åra og såleis mista rundt 30 prosent av veljarane sine frå 1999 til 2001. I vekst-fylka, som Oslo, Akershus og Hordaland, har tilbakegangen vore endå større. I fylke som Hedmark og Oppland, som ikkje akkurat er prega av vekst, har tilbakegangen vore mindre, om lag 20 prosent.

«Geografisk forankring» til leiarskapet i partiet gjev heller ikkje drakraft. Snarare tvert om. Såleis påpeikar Bjørklund:

- Jagland heim til Høgre-land

— I Lier i Buskerud, som er Ap-leiar Thorbjørn Jagland og partisekretær Marin Kolberg sin heimkommune, har Ap gått tilbake med over 40 prosent.

SV-leiar Kristin Halvorsen kjem til «sine eigne» når ho på kveldstid vender heim til Oslo indre aust der SV er det største partiet. Ved valet fekk SV i overkant av 25 prosent her og har styrka stillinga sidan. Men når Jagland vender heim, kjem han til eit framad Høgre-land.

Dete er ifylgje Bjørklund fleire interessante trekk ved Ap sin tilbakegang. MMI har gjennom Norsk Monitor stilt same spørsmåla sidan 1985.

«Det nye arbeidarpartiet»

Resultata viser at Ap har gått mest tilbake i det som før var det verdimessige kjernelandet for Ap: dei tradisjonelle materialistane.

Ap gjekk ved valet i haust meir tilbake i privat enn i offentleg sektor. Dessutan hadde Ap kvinnefleirtal mellom veljarane sine.

Nokså overraskande peikar ikkje lenger Ap seg ut ved å stå sterkare mellom ufaglærde arbeidarar enn den delen dei utgjer av alle veljarane. Denne kategorien har 14 prosent av veljarflokken totalt. Ap har berre 14 prosent av denne gruppa medan Frp har heile 22 prosent.

— Det inneber at Carl I. Hagen har mykje rett når han hevdar at Frp er det nye arbeidarpartiet, seier Bjørklund.

Eldre enker held på Ap

Ifylgje Bjørklund sto Arbeidarpartiet ved valet i 2001 sterkast mellom eldre kvinner. Mange av dei er enker. Her finn vi dei mest trufaste veljarane Ap har.

— Det er desse som har vore med på å vippe veljarmassen til Ap over i eit kvinnefleirtal. Ein hypotese kan vere at dei har vore vande med å røyste som ektemannen og at dei held seg til det også etter at mannen er død. Ein død ektemann er jo (som kjent) lite påverkeleg overfor svingningar i oppfatningar.

— I den andre enden av skalaen er oppslutninga om Ap svært låg mellom dei unge - også mellom kvinnene, seier Bjørklund.

«Kjenner ikkje Ap att»

  • I det siste har vi sett at fleire avgått Ap-statsrådar og politiske medarbeidarar har gått til «fienden» i NHO og tilsvarande organisasjonar. Korleis trur du det verkar inn på veljarfolket?

— Det er noko heilt nytt. Mange eldre veljarar seier då også at dei ikkje kjenner det gamle partiet sitt att. Unge folk seier vel noko slikt som at er nå dette så mykje å mase med? Men for den tidlegare mektige sekretæren i Arbeidarpartiet, Haakon Lie, må denne overgangen til den gamle «fiendens leir» synast underleg. Etter valet understreka han at Ap skulle vere til for og tale deira sak som sat nederst ved bordet.

— Problemet i dag er å finne ut kven og kor mange er det som sit nederst ved bordet? Og kor stabil er plasseringa? Overførd til vår tid vil vel blant andre einslege mødre utan yrkeserfaring vere mellom dei som sit nederst, med andre ord slike somMette Marit før ho vart ein del av den kongelege familien.

Velferdsproblema er blitt partipolitisk felleseige, seier Bjørklund. Då Bondevik-regjeringa kom til makta i fjor opplevde vi at ein sosialminister frå Høgre gjekk på barrikadane for dei fattige.

Depresjon for å løfte Ap?

Ifylgje Norsk Monitor var det berre på eit område at tilliten var størst til Ap. Det var spørsmålet om å trygge sysselsettinga. Det er nok ein ulempe for Ap at problemet i dag ikkje er arbeidsløyse men mangel på arbeidskraft.

Når det gjeld Frp ser det ut til at vi har eit anna mønster: Økonomisk gode tider, er også gode tider for Frp. På same måte som dårlege tider på 1930-talet var gode tider for Ap. Ap vaks seg sterk i nedganngstidene. Er det ein verdsomspennande depresjon som kan gje vind i segla til Arbeidarpartiet att, undrast Bjørklund.

Ap-leiar Thorbjørn Jagland opplevd Ap-ras i heimkommunen Lier med 40 prosent fråfall. Om kvelden veder han heim til Høgre-land.

SV-leiar Kristin Halvorsen kjem til sine eigne, når ho dreg heim til Oslo indre aust, der SV er største partiet.

Arbeidarpartiet hadde ikkje nokon veljarreserve mellom heimesittarane ved siste valet, slik A-leiinga har opåstått, slår valforskaren Tor Bjørklund fast.

UTAN RESERVER: Jens Stoltenberg og Thorbjørn Jagland har ikkje nokon hær av heimsitjarar å ta på.
Foto: Scanpix