Vedtaket blei gjort samrøystes på eit ekstraordinært styremøte no i kveld. Avgjerda er fatta for å hindre at helseminister Sylvia Brustad stoppar vedtaket gjennom å kalle inn til føretaksmøte.

Det var i sommar styret i Helse Førde vedtok å kutte 19 av 25 senger ved klinikken for å spare pengar. Reaksjonane i Indre Sogn blei svært sterke. Statsråd Sylvia Brustad hadde kalla Helse Vest inn til føretaksmøte om Lærdalsortopedien i haust. Møtet blei utsett då den mykje omtalte saka om innkjøpspraksisen dukka opp.

I sakspapira som blei lagt fram for styret i kveld grunngjev administrerande direktør Jon Bolstad framlegget også med arbeidet som er sett i gang for å få laga ein samla plan for ortopeditilbodet i Sogn og Fjordane.

– Dialogen om denne planen har vore svært god i det siste, og det er uheldig at faggruppa som arbeider med dette har bindingar av den typen som ortopedivedtaket utgjer, skriv Bolstad.

HÅP I LÆRDAL: Lærdalsortepedien kan vera redda. Då kan overlege Truls Jellestad (biletet) få ta i bruk det avanserte computerutstyret.ARKIVFOTO: ØYSTEIN TORHEIM
Bergens Tidende