Saka er nå innrapportert til Stortinget og ligg i Kontrollkomiteen. Saka har vekt sterke reaksjonar i Folldal kommune og skapt mykje vondt blod med påstandar og forskjellsbehandling.

Ukjend praksis

Administrerande direktør Asbjørn Mathisen i Statskog opplyser til Bergens Tidende at han ikkje kjenner til at Landbruksdepartementet tidlegare har instruert Statskog på ein slik måte.

— Men eg måtte gjere som eg vart instruert om, instruere underliggande nivå i Statskog om å omgjere vedtaket og godta bygging av utleigehytte, seier Mathisen.

Møte med Hanssen

Landbruksministeren greip inn i saka etter at Ap-ordføraren i Folldal og leiaren for Ap i Folldal hadde hatt eit møte med Hanssen. Mannen som ville bygge, har tidlegare representert Ap i kommunestyret i Folldal.

Han ville bygge utleigehytte på ein setervoll som ligg heilt i grensa til Dovrefjell nasjonalpark. Og hytta vil bli liggande i det området som vil bli omfatta av landskapsvermområdet i tilknyting til nasjonalparken.

I slike område er det strenge restriksjonar på bruk. Seterdrift er lov, men turisme er ikkje lov, opplyser Statskog til BT.

Det høyrer med til historia at leiaren for Ap i Folldal er dagleg leiar for senteret som er oppretta i tilknyting til nasjonalparken.

Kong Harald skal delta ved den offisielle markeringa av utvidinga av nasjonalparken 1. juni i år.

Ei slik bygging var heilt i strid med arealplanane for utnytting av området og i strid med praksis. Ein ynskjer ikkje oppføring av utleigehytter på setrar i statsalmenningen, framgår det av dokument i saka.

Vart unndrege innsyn

Ordføraren skreiv brev og ba om møtet med partifelle Hanssen. Brevet vart ikkje journalførd i postjournalen i kommunen. Ordførar Hans Einar Thompsom er ikkje i stand til å forklare kvifor brevet ikkje vart journalførd og såleis unndrege frå innsyn.

Korkje fjellstyret, formannskapet eller kommunestyret i kommunen vart orientert om ordføraren sitt initativ overfor landbruksministeren. Fjellstyret i kommunen hadde behandla saka to gongar og hadde gjeve avslag. Statskog hadde også behandla saka to gongar og gjeve melding om at vedtaket var endeleg - det vil seie - ikkje kunne påklagast.

Då dette vart oppdaga, tok kontrollutvalet i kommunen opp saka, og i eit samrøystes vedtak vart ordføraren kritisert for å ha gått bak ryggen til dei folkevalde organa i kommunen.

Rapporterte til Stortinget

Saka resulterte i neste omgang til ein interpellasjon i kommunestyret.

Kommunestyret vedtok så, mot røystene frå Ap-gruppa, å sende saka til orientering til Kontrollkomiteen på Stortinget for at komiteen skulle bli kjent med landbruksministeren si rolle. Saka vart oversendt i august i fjor, og i november fekk kommunen melding tilbake om at brevet frå kommunen var omdelt i komiteen.

Tidlegare landbruksminister Bjarne Håkon Hanssen er for tida på reise i Japan og har ikkje vore tilgjengeleg for kommentarar.

PINLEG: Ap-ordføraren i Folldal og den lokale partilagsleiaren greide i fjor å overtale landbruksminister Bjarne Håkon Hanssen til å instruere Statskog om å omgjere eit vedtak til fordel for ein mann som tidlegare har representert Ap i Folldal kommunestyre. Hanssen brukte makta si, og Statskog måtte omgjere eit vedtak som var «endeleg avgjort». ARKIVFOTO