Kjemien mellom dei to har aldri vore god etter at Thommessen utfordra Sponheim framfor leiarvalet i partiet i 2004.

Thommessen har aldri løynt at han har eigne ambisjonar.

«Sulten på lederjobben»

Forholdet normaliserte seg, ikkje minst etter at Thommessen vart alvorleg sjuk med hjerneblødning hausten 2005 og var ute av funksjon som nestleiar i vel eitt år.

Men fredag før palmesøndag tok elden fatt igjen etter at Dagens Næringsliv presenterte eit intervju med Thommessen under tittelen «Sulten på lederjobben».

I intervjuet fortalde Thommessen om eigne ambisjonar: om å kome inn i Oslo bystyre, og i neste omgang på Stortinget, og at han gjerne kunne bli leiar i Venstre dersom han vart spurd om det.

Thommessen sitt utspel fall ikkje i god jord i partileiinga. Ikkje berre utfordra han Sponheim. Han tok partinestoren Odd Einar Dørum i same slengen.

— Alle forundra

— Alle var litt forundra. For det var ikkje dette vi var samde om å halde fokus på då vi presenterte opplegget for landsmøtet og valkampen for pressa dagen før, seier Trine Skei Grande. Ho er første nestleiar i partiet og parlamentarisk nestleiar på Stortinget.

Også mangeårig Venstre-leiar, Odd Einar Dørum, reagerte klart negativt mot Thommessen sitt utspel.

«Det er lov å tenke høyt. Tanken er fri, men jeg tar det for gitt at alle konsentrerer seg om lokalvalget nå», uttala Dørum til Dagens Næringsliv.

Dørum, som sjølv vart pressa ut av Sponheim som Venstre-leiar i 1996, nytta samstundes høvet til å skryte uhemma av korleis Sponheim nå fungerer som Venstre-leiar.

Onsdag i påskeveka kom så Dagens Næringsliv med eit intervju med Sponheim. Her uttala Sponheim seg på ein måte som vart oppfatta som ei klar irettesetjing av Thommessen.

Han avskreiv Thommessen som opplagt kandidat til å overta som partileiar når han sjølv måtte finne tida inne til å gje seg. «Han er ingen kronprins». - Han er i tilfelle ein av fleire kronprinsar, ein del av bodskapen.

Såg raudt

Intervjuet fekk Thommessen til å sjå raudt. Og i går kravde han oppvask gjennom det telefonmøtet medlemene av landsstyret årvisst har framfor landsmøtet.

— Eg har ingenting å seie før Lars har fått forklare seg for landsstyret, var det einaste Thommessen i går ville seie til BT.

— Det eg sa kan samanfattast i to poeng: når det kjem til partileiarval, er det mange gode kandidatar. Det er ikkje Thommessen åleine. Han er nok ein kandidat, men ein av fleire.

— Eg sa også at han må dokumentere stayerevne. Han seier sjølv at han har noko å dokumentere. Det er eg samd i, seier Sponheim.

— Dette triggar sirkushestane våre. Det er mest ei sak mellom dei to. Og det blir møtt med ei skuldertrekning elles i partiet. Fylkesleiarane har eit avslappa forhold til det som her kjem til uttrykk seier Trine Skei Grande.

Bjelland, Håvard
KRANGLEFANTAR: Lars Sponheim (over) og Olaf Thommessen har aldri vore perlevener. No angrip dei kvarandre på skift fram mot Venstre-landsmøtet i Bergen til helga.
Thunæs, Bjørn