Dette kom fram då den tidlegare reiaren frå Sandefjord møtte som vitne i straffesaka mot Hallvard Flatland i Oslo tingrett i går. Hamre er sidan dømt til fem års fengsel som den som sto bak utpressinga.

Aktor i saka mot Flatland — politiadvokat Geir Kavlie, hadde stemna Christensen som vitne for å få han til å fortelje om utvalde delar av utpressingssaka.

Hamre tilbaud seg

Men det var under eksaminasjonen frå forsvararen til Flatland, advokat Erling O. Lyngtveit, det kom fram at Hamre hadde tilbode seg å frakte pengane til Monaco.

Straffesaka mot Flatland gjeld disposisjonar over ein konto som Flatland hadde i Monaco. Men vitnet byggmeister Øyvin Nydal, var overtydd om at kontoen tilhøyrde Hamre.

Ifylgje Christensen si forklaring skal Hamre ha fortalt han, truleg i 1997, at utpressarane ville ha pengar utbetalt i Monaco.

Til dette skal Christensen ha svart at då måtte han kontakte Noregs Bank for godkjenning for utførsel av valuta. Han ville ikkje gjere noko ulovleg.

Christensen ville at Hamre skulle ta kontakt med utpressarane og få aksept for at pengane kunne overleverast i Oslo. Og slik vart det. Seinare kom det aldri krav om å utbetale pengar til utpressarane i Monaco.

Hytta i Uvdal

Christensen vart også utførleg utspurd om hytta si i Uvdal. Han selte til Hallvard Flatland i 1995.

I staden for ein avtalt kjøpesum på ein million kroner, eit beløp Christensen aldri såg snurten av, fekk Flatland utbetalt 200.000 kroner av Christensen i prisavslag. Hamre var mellommann.

Christensen forklarte at hytta vart selt for å skaffe pengar til å betale ned eit grålån som han hadde måtta ta opp for å skaffe pengar til utpressarane.

Christensen og Flatland har utkjempa to rettsrundar om eigedomsretten til denne hytta. Det endte med nederlag for Flatland. I 2001 måtte Flatland levere hytta tilbake. Sidan har han også måtta betale Christensen erstatning for inventar som var fjerna.

Svartmaling

Christensen selte hytta kort tid etter at ho var tilbakelevert. Salssummen var då 1,35 millionar kroner.

Under eksaminasjonen frå forsvararen prøvde Lyngtveit å teikne eit «svartast mogeleg» bilete av Atle Hamre. Lyngtveit ville ha fram at Hamre hadde vore mellommann og kontaktperson i alle samanhengar. Det galdt både i utpressingssaka og i hyttesaka.

Lyngtveit fekk også fram at Christensen mot slutten av utpressinga fekk mistanke mot Hamre.

— Eg fekk nokre indikasjonar som var litt merkelege, men eg visste ikkje noko konkret, forklarte Christensen.

To fakturaer

I går vart avhøyr som svensk politi har gjort av Håkan Andersson, ein svensk hesteeigar, opplese i retten. Mannen sjølv skal for tida vere på reise i Brasil.

Mannen kjøpte hesten American Park anten i 1997 frå Atle Hamre, eller med Hamre som mellommann. Han hadde reagert på at han fekk to faktuarer, ein på 50.000 kroner og ein på to millionar kroner. Han hadde også reagert på at pengane skulle sendast til ein konto i Monaco med namnet Benjamin Overseas. Flatland åtte hesten.

Ifylgje forklaringa skal Andersson ha fått beskjed frå Hamre om å makulere fakturaen på 50.000 kroner. Fakturen på to millionar kroner var utskriven av Hallvard Flatland, og pengane skulle overførast til Flatland sin hemmelege konto i Monaco til selskapet Benjamin Overseas Inc.

Sjølvmotseiande

Flatland lika forklaringa dårleg. Han ba om ordet og hevda at forklaringa ikkje var truverdig og delvis sjølvmotseiande.

I går vart det også klart at heile sju av dei opprinneleg 18 innstemna vitna, anten ikkje møter på grunnlag av sjukmeldingar, eller avdi dei nektar å møte. Den siste gruppa er utlendingar som ikkje har møte- og vitneplikt.

HYTTESAL: Thor Christensen på veg inn i Oslo tingrett der han mellom anna forklarte seg om hyttesalet i Uvdal. FOTO: SCANPIX