Dette kom fram då Hallvard Flatland forklarte seg som tiltala og Hamre møtte som vitne i straffesaka mot Flatland i dag.

Millionar på vandring

Transaksjonane har gått på kryss og tvers mellom Flatland, Hamre og Nydal. Millionar av kroner har strøymt mellom partane. Det har dels skjedd via bankoverføringar, men også ofte i kontantar. Til dels er det snakk om oppgjer og transport av millionbeløp i kontantar.

I eitt tilfelle fekk Flatland oppgjer på ein million kroner i kontantar av Atle Hamre ved Drammen travbane.

I eit anna tilfelle kom ein danske med ferja til Larvik og overleverte 1.250.000 danske kroner til Hamre. Pengane tilhøyrde Flatland. Utan å informere Flatland betalte Hamre ein del av beløpet i bank i Holmestrand. Ein annan del vart brukt til kjøp av ein billig hest utan at Flatland vart informert. 350.000 kroner av beløpet reiste Hamre til Monaco med og sette inn på Benjamin Overseas Inc. (dvs. Hallvard Flatland) sin konto i Monaco. Kvar resten av pengane tok vegen, fekk retten ingen opplysningar om.

Underleg lån

Både aktor, Geir Kavlie, og tingrettsdommar Ingeborg Webster, som administrerer straffesaka, undra seg storlegen over kvifor Hamre måtte låne pengar av Flatland for å kjøpe hest for Nydal. Både Flatland og Hamre fekk fleire spørsmål om dette.

Hamre gav frå seg eit omsetningsgjeldsbrev på 3,15 millionar som trygd for lånet. Gjeldsbrevet var utskreve av skipsreiar Thor Christensen i Sandefjord til Atle Hamre. Dette gjeldsbrevet skulle etter avtalen overleverast til Flatland, men var i standen oppbevart hjå revisor Kåre Uppstrøm som i ei årrekke har førd reknskap for Flatland.

Forklaringa dei to gav, var dels at Nydal hadde likviditetsproblem — problem med å reise tilstrekkeleg pengar i ein fart, og dels at Nydal ville løyne hestekjøpa sine for kona, som var kritisk.

Til Monaco

Ynskje om å løyne hestekjøp for kona er også den forklaringa både Flatland og Hamre gjev på at Nydal i 1996 og 1997 overførde i alt 520.000 amerikanske dollar til ein konto som tilhøyrde Hallvard Flatland i Monaco.

Nydal skal ha spurd Hamre om han hadde kjennskap til nokon som hadde konto i utlandet som kunne brukast til å kjøpe hest. Det skal ifylgje Hamre ha skjedd i 1996.

Hamre skal så, ifylgje eiga forklaring, ha spurd Flatland som så skal ha opplyst at han hadde eit selskap og konto i Monaco som kunne nyttast.

Dette er deira forklaring på at Nydal overførde pengar frå ein konto han hadde i Sveits saman med kona. Kontonamnet lydde på Acacias Finance Corp, eit selskap som var registrert i Panama i 1985.

«Steinrik»

For å illustrere kor rik Nydal er, fortalde Flatland at Nydal ved eit høve hadde kome i skade for å overføre 750.000 dollar i staden for 75.000 dollar som han skulle betale for ein hest.

— Dersom det går ei tid før du oppdagar feilen, ja så har du mykje pengar, konstaterte Flatland.

Milliongjeld

Ifylgje forklaringa til Flatland skuldar han i dag 300.000 amerikanske dollar til Nydal. Dei to inngjekk hausten 2000 ein avtale som fastslo dette.

Hausten 2001 inngjekk dei ein ny avtale om at beløpet skal gjerast opp dels med parteseigarskap i hestar som Flatland sat på, dels i form av kunst som Flatland eig. Oppgjer er ikkje gjennomførd.

Flatland sit også på eit gjeldsbrev frå Hamre som viser at Hamre skuldar Flatland 1,6 millionar kroner. Gjeldsbrevet er ifylgje Flatland sett opp av advokat Jan Erik Langangen, og det er han som sit på det. Hamre skal etter avtale betale sakskostnadane for Flatland i samband med den såkalla hyttesaka. Hamre hadde ivra for at Flatland skulle køyre saka avdi det skulle hjelpe Hamre i utpressingssaka.

Slik gjekk det ikkje, og i staden vart det ein dyr affære for Flatland. Korkje Flatland eller Hamre var trudd i by- og lagmannsrett i den saka.

Laug om kontoen

Flatland nekta einkvar kjennskap til Benjamin Overseas i to avhøyr med Økokrim i juli 1999. 27. oktober 2000, då han vart sikta og pågripen, vedgjekk han at han sto bak selskapet og kontoen i Monaco.

Forklaringa hans på at han laug, er at han var redd for å bli identifisert med pengeutpressingssaka mot Atle Hamre. Dessutane var han redd for at den hemmeleghaldne Monaco-kontoen kunne utsette han for ei skatte- og straffesak.

I retten i dag hinta forsvararen, advokat Erling O. Lyngtveit på at han vil prosedere på at Flatland straffritt kunne lyge for å unngå å utsette seg for straffeforfylging eller tap av borgarleg omdøme.

— Vi har hatt ei spesielt forhold, Øyvin Nydal og eg. Han har vore sponsoren min. Forklarte Atle Hamre i retten. Han nekta først for å ha motteke særlege ytingar frå Nydal. Konfrontert med opplysningar frå aktor, vedgjekk han at Nydal i årevis har betalt minst to ferieturar for Hamre og kona i året til eksotiske reisemål.

I RETTEN: HALLVARD FLATLAND
Arkivfoto: Aftenposten