Enoksen har nå ein siste sjanse til å unngå at eit framlegg som osar av mistillit, blir sett under votering i stortingssalen fredag. Vilkåret er at han i Stortinget fredag seier seg lei for at han har feilinformert Stortinget.

Votering i Stortinget

I innstillinga som energi— og miljøkomiteen avgav i går, har opposisjonen fremja eit eige framlegg til votering. Det rettar sterk kritikk mot statsråden.

Sjølv om framlegget ikkje vil få fleirtal sidan regjeringspartia har fleirtal i salen, er det alltid ytterst ubehandleg for ein statsråd å få eit slikt framlegg retta mot seg frå ein samla opposisjon.

Komiteen spurde direkte om Regjeringa hadde bede Konkurransetilsynet uttale seg om fusjonen.

Bergens Tidende kjenner nå til at Fornyings- og administrasjonsdepartementet hadde utarbeidd utkast til svar på spørsmålet som var stilt av stortingskomiteen om Konkurransetilsynet.

- Endå meir alvorleg

Svaret utarbeidd i FAD skal ha blitt omarbeidd i Olje- og energidepartementet (OED)slik at innhaldet vart endra og misvisande.

— Dersom dette er rett, gjer det saka endå meir alvorleg. Då vi fekk svaret frå statsråd Enoksen tok vi for gitt at Konkurransetilsynet ikkje hadde uttala seg. Då det kom for ein dag gjennom pressa at Konkurransetilsynet likevel hadde uttala seg, vart vi i opposisjonen kraftig irriterte. Enoksen freista å framstille dette som at det hadde skjedd ein glipp. Men dersom svarutkastet frå FAD er «redigert» i OED, har feilinformasjonen til Stortinget skjedd med overlegg. Det er noko heilt anna og meir alvorleg enn ein «glipp», seier Børge Brende til Bergens Tidende. Han er nestleiar i stortingskomiteen.

Informasjonssjef Sissel Edvardsen i OED opplyser til Bergens Tidende at svaret frå OED til Stortinget var utarbeidd «i samråd» med FAD.

Det lykkast ikkje å få kommentarar frå FAD i går.

- Ny standard

— Irritasjonen er veldig sterk frå ein samla opposisjon. Dersom vi skulle finne oss i ein slik framgangsmåte frå ein statsråd, ville det setje ein ny standard. Vi kan ikkje, sjølv om regjeringsapartia har fleirtal, godta dette, for det ville bety at Regjeringa ikkje treng ta informasjonsplikta så nøye. Enoksen har kome i denne situasjonen avdi han ikkje har vist vilje til å handtere denne saka på ein skikkeleg måte korkje i forkant eller etterkant av den misvisande informasjonen han gav til Stortinget, seier stortingsrepresentant Gunnar Kvassheim til Bergens Tidende. Han er leiar i energi- og miljøkomiteen.

Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen vart «grilla» i spørjetimen sist onsdag. Fredag må han til pers igjen, seie seg lei for misvisande informasjon. Elles blir kritikken endå hardare.

Energi- og miljøkomiteen avgav i går innstilling i saka om fusjon mellom Statoil og olje- og gassdivisjonen i Hydro.

Regjeringa får det som ho vil. Fusjonen blir eit faktum.

Innstillinga splittar regjeringspartia og opposisjonspartia. Dei siste, Frp, H, KrF og V, vil ha iverksett ei rekke tiltak for å svekke maktdominansen til Statoil Hydro.

Utan slika avbøtande tiltak vil det fusjonerte selskapt stå for over 80 prosent av operatøransvaret på norsk sokkel. Saman med statens direkte økonomiske engasjement (SDØE) vil selskapet også ha hand om 2/3 av dei kjente petroleumsreservane på sokkelen.