May Britt Vihovde (V) greidde m.a. å terga på seg Ranveig Frøiland (A). Ho påsto at "det er først no etter valet at Arbeidarpartiet har byrja å interessera seg for dei fattigaste".

Dette ville ikke Frøiland finna seg i og svarte slik:

"Det er stygt av Vihovde å stå her å seia noko slikt. Ho veit at det er ikkje sant."

Også Audun Lysbakken frå SV gjekk til åtak på Vihovde, då han meinte at Bondevik-regjeringa har utmerka seg ved først og fremst å gje skattelette og økonomiske føremonar til dei rike.

KrF og alkoholavgiftene

Finanskomiteen er for tida sterkt dominert av hordalendingar frå dei fleste parti. Fleire av medlemene i komiteen er nybyrjarar og hadde ein travel dag i replikkordskifta.

Ein av dei var Gjermund Hagesæter (Frp) som freista å setja KrF-mannen Ingebrigt S. Sørfonn til veggs:

"Kvifor vil KrF seinka brennevinsavgifta med 15 prosent og avgifta på vin med berre 5 prosent? Kan dette vera god alkoholpolitikk?"

"Det er for å koma smuglinga til livs," svara Sørfonn.

Ledige anleggsarbeidarar

Hagesæter var og ute etter å "ta" Vihovde. Han undra seg sterkt over at den regjeringa ho støttar ikkje har større omsut for dei over 3.000 anleggsarbeidarane som går ledige. Om lag halvparten av dei er frå Vestlandet og bør setjast i produktivt arbeid, meinte han.

Vihovde var ikkje i beit for svar: "Det er eit klart mål å få konkurranseutsetjing i Vegvesenet. Dermed vil mange private entreprenørar få ein sjanse," meinte ho.

Høgres Torbjørn Hansen spurde Frp-representanten Per Erik Monsen frå Vestfold om han kunne nemna ein einaste fagøkonom som går god for den måten Frp vil bruka oljepengane på utan at det påverkar rentenivået?"

Noko svar fekk han ikkje.