Forsvarsminister Kristin Krohn Devold får nå kniven på strupen: dersom ho ikkje i løpet av neste veke sørgar for at avdelingsdirektøren i Forsvarets Overkommando får ein avtale med staten som han er fullt ut nøgd med, må Stortinget gripe inn. Avtalen skal vere «fullsendig renvaskende og akseptabel» for avdelingsdirektøren, seier Hagen.

Hagen vil då at Stortinget i plenum gjer vedtak om å gje mannen jobb, løn, dekt sakskostnadar og erstatning som han er nøgd med.

— Umyndiggjering

Dersom dette skulle bli resultatet, vil det vere ei kraftig audmjuking av statsråd Krohn Devold, og ei mistillitserklæring i ei anna form.

— Dette vil langt på veg vere ei umyndiggjering av statrsåden, medgjev Hagen overfor Bergens Tidende.

Men han legg til at han ikkje ser noko alternativ til ein slik framgangsmåte etter at statsråden etter hans syn har trassa både domstolane og Stortinget sin vilje i denne saka.

«Fremskrittspartiets stortingsgruppes tålmodighet med forsvarsministeren i denne saken er i utgangspunktet slutt for lengst, men nå begynner det å bli tragisk» skriv Hagen i eit brev han onsdag sendte til statsråden.

Arbeidarpartiet vil etter det Bergens Tidende har grunn til å tru, kvi seg i det lengste for å støtte eit slikt framlegg. Partiet vil nødig at Stortinget skal opptre som «statsråd». Men på den andre sida må partiet ta omsyn til «den vesle mann», som ein sentral Ap-politikar formulererer det overfor Bergens Tidende.

Open høyring trugar

Samstundes blir Krohn Devold nøydd til å ta inn over seg at Stortinget onsdag vedtok å endre forretningsordenen slik at det heretter blir lettare å gjennomføre opne høyringar. Til nå har vedtak om å gjennomføre opne høyringar kravd at eit fleirtal i komiteen står bak. Heretter er det nok at fire medlemer krev det.

Dermed er det klart at det nå går mot opne høyringar om denne omstridde personalsaka som har ridd forsvarsministeren som ei mare.

Det kan bety innkalling av dei mange vitna som avdelingsdirektøren ikkje fekk førd i lagmannsretten, då staten trekte anken.

Det er nå klart at fleirtalet i Kontrollkomiteen er blitt stadig meir irritert over måten statsråden har handtert personalsaka på.

Høgre-bumerang

I februar freista partifellene hennar på Stortinget å hjelpe statsråden ved å stille spørsmål til det konstitusjonelle kontoret i Stortinget. Dei ynskte å avskjære vidare graving i saka, med utgangspunkt i at sakskomplekset ikkje var avslutta i rettsapparatet.

Dette var eit halmstrå, sidan hovudsaka var avgjort med ein rettskraftig dom, som fastslo at oppseiinga av mannen var usakleg, med den konsekvens at han skulle ha rett til å få jobben tilbake. Berre ein liten avleggar av saka sto att.

Resultatet av innspelet overfor det konstitusjonelle kontoret, var eit svar som nå framstår som ein rein bumerang:

Det konsitusjonelle kontoret viste til professor Johs. Andenæs sitt standardverk «Statsforfatningen i Norge» og slo fast at bortsett fra de lovløse år under okkupasjonen, «aldri har hendt at regjering eller storting har nektet å bøye seg for en avsagt dom eller prøvd å foreskrive domstolene hvordan de skulle dømme i en sak de har til behandling»».

— Det er heilt rett. Dette er blitt ein bumerang for statsråden i denne saka, seier Hagen til Bergens Tidende.