Hagen omtalar sjølv overfor Bergens Tidende dette som ein «lakkmustest». Avhengig av korleis regjeringspartia stilte seg til dei 16 framlegga, ville det gje fasiten på om Frp vert verdsett av Regjeringa.

Utspelet lovar ikkje godt for det som skal skje vidare i Stortinget i haust. Regjeringa kan vente seg tøffe tak, sjølv om ingen står klar til å ta over.

Manglande tillitsforhold

Utspelet er også ein illustrasjon på det manglande tillitsforholdet mellom «jordmora og barnet»: Utan Hagen sin aktive medverknad hadde Bondevik II-regjeringa ikkje sett dagens lys. Hagen kan nærmast påta seg farskapen til regjeringa.

I Frp er det aukande misnøye med regjeringa. Frp sin sterke framgang ved kommunevalet har ikkje nettopp verka til å mildne kritikken

Kritikken går på at regjeringspartia ikkje vil vedstå seg opphavet, men berre tek støtta frå Frp for gitt, utan å invitere til reelt samarbeid.

Frp krev nå meir.

Trontaledebatten synte at Regjeringa er utan verkelege vener i Stortinget.

Pine KrF

Ap og SV gjorde sitt beste for å pine særleg Kristeleg Folkeparti ved å oppfordre partiet til å skifte side, bryte med Høgre og søke hopehav med Ap og SV. Det blir heile tida snakka om ei høgre-dominert regjering på Frp sin nåde.

Ved å vise til misnøyen internt i KrF med regjeringssamarbeidet, og den sviktande oppslutninga om KrF, er dette ei takknemleg oppgåve for Ap og SV. KrF-talsmenn vedgår også at regjeringssamarbeidet har sin pris. Partiet får lite att i form av opppslutnad, sjølv om dei hevdar at partiet får meir igjennom av eigen politikk nå, enn dei fekk i sentrumsregjeringa.

Dersom det skulle vere rett, har partiet eit stort pedagogisk problem både i forhold til eigne veljarar, men også overfor eigne tillitsvalde.

Tamt

Trontaledebatten vart ei tam og eigentleg litt lite engasjert forestilling.

Ein kunne kanskje ha venta eit sterkare fokus på den aukande arbeidsløysa som mange meiner Regjeringa har undervurdert og må bere eit betydeleg ansvar for.

Etter at statsminister Kjell Magne Bondevik sjølv, som talar nummer ein, gjorde det klart at å få ned arbeidsløysetala, var den viktigaste oppgåva for Regjeringa, verka innlegga som var inne på temaet, nærmast som pliktlaup. Det var lite engasjement.

Stolteberg åtvara rett nok Regjeringa mot å undervurdere faren for at den høge arbeidsløysa vil bite seg fast.

Bondevik kunne replisere at Regjeringa ikkje har undervurdert faren og at noko av det første Regjeringa gjorde då ho overtok for to år sidan, var å oppjustere prognosane for arbeidsløysa som Stoltenberg-regjeringa la fram i budsjettet.

Frp-leiar Carl I. Hagen utfordra både Regjeringa og Ap ved å ville kutte miljøavgifter for å redusere kostnadene for næringslivet til hjelp for sysselsettinga.

Dette blir blankt avvist av Bondevik som uansvarleg i høve til miljøet. Stoltenberg på si side forsvarar seg mot utfordringa frå Frp med eit omkved vi har høyrt før:

— Stol på Ap. Originalen er best.

Noko av forklaringa på det manglande engasjementet kan vere at Stortinget famlar litt i blinde og ikkje riktig veit kva ein skal gripe fatt i, før det nye statsbudsjettet ligg på bordet i morgon.

Ein runde om EU

Då var det enklare å gå nokon rundar om forholdet til EU, etter Bondevik sine siste utsegner i Tyskland, der han opna for å vurdere ei delvis norsk tilknyting til EU - eit slags medlemskap med reservasjonar.

Svorne EU-tilhengarar, som Ap-leiar Jens Stoltenberg, omfamna Bondevik på dette punktet. Medan Bondevik fekk klar kritikk frå SV-leiar Kristin Halvorsen og Sp-leiar Åslaug Haga.

Men ingen av innlegga peika fram mot ynskje om ein snarleg ny norsk EU-debatt.

— Etter så mange år i politikken er det nyttig å tenkje over pensjonisttilveret. Som alle veit, skal eg bli vaktmeister, kunngjorde Carl I. Hagen under trontaledebatten i går. Utsegnet var mynta på at han har kjøpt ein strandeigedom på Nøtterøy, som er regulert til næringseigedom, og der vilkåret for å bu, er å utføre vaktmeistertenester.