Difor barka dei to saman i Oslo tingrett i går. Det vil seie: i går var det advokatane som hadde ordet. Først i dag slepp «kamphanane» sjølve til med partsforklaringane sine.

For Krekar opptrer advokat Brynjar Meling frå Stavanger. Hagen held seg til sitt faste advokatfirma: Thommessen, Krefting Greve Lund. I dette tilfellet er det Trond Hatland som opptrer.

«Terrorist»

Krekar vil ha utsegnet om at han er ein terrorist, kjend daudt og makteslaust. Han krev også at Hagen fører sanningsprov for at han verkeleg er ein terrorist.

Meling hevda i går at bevisbøra heilt og fullt ligg på Hagen. Gjennom dette har Krekar og Meling lagt opp til at Hagen og Hatland må gjere sitt beste for å vise kor farleg, frykta og grufull Krekar er.

Det svara dei på ved å vise TV-dokumentarar, dels frå NRK, dels frå TV2 som inneheldt intervju med kurdarar som hevdar å kjenne til eller ha vore vitne til eller offer for dei mest brutale overgrep. Det gjeld tortur, drap og vansiring av lik. Dei dokumenterte også rapportar frå menneskerettsorganisasjonen Human Rigth Watch og andre.

Politietterforskinga

Biletet av Krekar som farleg terrorist var også grunnlaget for overvakingspolitiet og seinare Økokrim si omfattande etterforsking og sikting av Krekar.

Grunnlaget for det, er ettertrykkeleg vurdert og underkjend av lagmannsretten, Høgsterett og endeleg tingretten. Og Økokrim har måtta legge vekk alle dei alvorlege punkta i den siktinga som vart utarbeidd og flikka på fleire gongar i løpet av det siste året.

I føremiddag må førstestatsadvokat Erling Grimstad møte som vitne i retten for å forklare seg om etterforskinga mot Krekar, som Grimstad har hatt ansvaret for. Han er fungerande sjef i Økokrim.

— Misbrukt Krekar

Meling hevda i går at Hagen sitt utsegn er klart injurierande, at han som ein sentral politikar har plikt til å vere særleg aktsam, og at Hagen har misbrukt mulla Krekar i sin politiske kamp.

Advokat Hatland hevda at det var overraskande at Krekar har reagert med å gå til sak, og at han ikkje kan vere ukjend med korleis han sjølv og organisasjonen, Ansar Al Islam, som han har leia, blir oppfatta i vide krinsar.

Hatland hevda vidare at Hagen sine utsegner er karakteristikkar, verdivurderingar eller meiningsytringar i den politiske debatten som ein ikkje kan føre eller krevje ført sanningsprov for. Han la til at Hagen ikkje har skulda Krekar for å vere ansvarleg for konkrete straffbare terrorhandlingar og meinte det innebar at han ikkje kan dømmast.

Hatland hevda at ytringsfridomen, ikkje minst for ein sentral politikar, må ha vide rammer. Han sa at kommentarane kom som direkte reaksjon på korleis norske styresmakter handterte Krekar-saka. Han hevda at søksmålet er undertrykkande på den politiske ytringsretten men også overfor pressa som vil få mindre rett til å innhente kommentarar, om Krekar skulle vinne fram.