Dette skjedde knapt eit år etter at Hagen tok imot pengar frå Se og Hør for å sleppe vekebladet inn i huset sitt som han skulle selje.

Hagen tok Se og Hør si sak opp i brev til presidentskapen i januar 2004. Der bad han presidentskapen engasjere seg for å skaffe Se og Hør medlemskap i Stortingets presselosje.

— Skremt

Hagen stadfester sjølv overfor Bergens Tidende at han tok saka opp etter at Presselosjen hadde nekta medarbeidarar frå Se og Hør medlemskap. Medlemskap i Presselosjen er eit vilkår for å kunne arbeide fritt i Stortinget.

— Dette innspelet frå Hagen er heilt ukjent for meg, seier leiaren i Presselosjen, Alf Bjarne Johnsen, til Bergens Tidende.

— Eg er veldig overraska og skremt over at det kan ha vore eit tilgiftsforsøk - ei motyting etter å ha oppnådd ein fordel, seier Johnsen. Han er journalist i politisk avdeling i VG.

I same perioden engasjerte Hagen og Frp seg også sterkt for at Se og Hør skulle få momsfritak. I tillegg plasserte Frp den avgåtte Se og Hør-redaktøren, Knut Haavik, som «sin» representant i Kulturrådet.

Pengar og marknadsføring

Først tidlegare denne veka vart det kjend at Hagen i 2003 tok imot pengar frå Se og Hør for å vise fram heimen sin. Han sa ja til vekebladet med grunngjevinga at det kunne verke positivt i marknadsføring av bustaden som skulle seljast. Ekspertmeklarar har vurdert verdien av «eigenannonsen» i Se og Hør til om lag 250.000 kroner.

Hagen har ikkje opplyst om dette forholdet til stortingsregisteret, som skal registrere representantane sine økonomiske interesser.

Han vil ikkje svare på spørsmål frå Bergens Tidende om kvifor han ikkje gjorde dette.

I punkt 8. i regelverket heiter det at «Gave verd mer enn kr. 2000 fra innenlandsk giver, når gaven har tilknytning til vedkommendes virksomhet som representant» er registreringspliktig. «Giverens navn, gavens art og tidspunkt for gaven oppgis» heiter det..

Opplyste ikkje

Det er ei friviljug sak å gje opplysningar til registeret, men det har vore ein klar føresetnad at let ein seg først registrere skal opplysningane vere rette og fullstendige.

Tidlegare denne veka kunne Dagbladet fortelje at Siv Jensen for nokre år sidan vart påspandert ein tur til Amsterdam av Se og Hør. Dette har ho ikkje opplyst om til stortingsregisteret. Derimot har ho opplyst at ho i februar 2002 deltok på tur til Brussel der ho heldt foredrag om norsk energipolitikk i regi av Energibedriftenes Landsforening. Det er også den einaste opplysninga ho har gjeve til stortingsregisteret.

Solberg kritisk

— Med dei nære banda mellom Carl I. Hagen, Siv Jensen og Frp på den eine sida og Se og Hør på den andre, burde dei ha opplyst stortingsregisteret om ytingane dei har teke imot. Då hadde det ikkje vore så lett i ettertid å stille spørsmål ved engasjementet, seier partileiar og parlamentarisk leiar i Høgre, Erna Solberg, til Bergens Tidende.

Carl I. Hagen, som i dag er visepresident i Stortinget, blir oppøst når vi spør om han ikkje er redd for at mange kan meine det kan vere ei uheldig kopling mellom ytingane han har teke imot frå Se og Hør og engasjementet for Se og Hør sine interesser.

— Alle som vil meg vondt, kan stille meg slike spørsmål. Vi har heilt klart og lenge arbeidd for at alle media må stillast likt når det gjeld tilgang til Stortinget. Det er urimeleg at ein privat klubb som Presselosjen skal kunne utestenge representantar for konkurrerande media. Vi har også meint at Se og Hør bør ha dei same momsreglane som VG og Dagbladet, seier Hagen.

Han vil ikkje svare på spørsmål knytt til dei ytingane han sjølv har teke imot frå bladet.

Generalsekretæren i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvoll, seier for sin del at han ikkje har grunnlag for å tru at det er nokon samanheng mellom standpunkta Frp og Hagen har teke i desse sakene og pengane han har teke imot.

— Men poenget er at ved å ta imot pengar eller ytingar risikerer ein at det blir stilt slike spørsmål. Sjølv om det ikkje er ulovleg, er det i beste fall uklokt og kan bli oppfatta som kritikkverdig, seier Kokkvoll.