— Folk har fortent ein Hagen-fri ferie. Det har eg og, fastslo Hagen då han oppsummerte vårsesjonen i går.

Hagen seier i dag at han er mindre overtydd enn tidlegare om at Bondevik-regjeringa vil sitje stortingsperioden ut. Det er i motsetnad til kva parlamentarisk leiar i Ap, Jens Stoltenberg, i går gav uttrykk for.

Grense for Bondevik

Sjølv om det var Hagen og Frp som i fjor haust skaffa landet BondevikII-regjeringa, lovar han ingenting framover.

At Bondevik i går fann grunn til å fortelje Stortinget at det er ei grense for kor mange nederlag regjeringa kan tole, gjer lite inntrykk på Hagen.

— Det gjer ikkje så stort inntrykk. Men det gjer litt større inntrykk enn når landbruksministeren seier det same, seier Hagen.

Hagen lovar ingenting og seier at budsjettarbeidet til hausten ser ut til å bli svært vanskeleg.

Han vil, sier han, svært gjerne ha ein avtale med regjeringa. På den andre sida meiner han det er «meir naturleg» med ein budsjettavtale mellom regjeringa og Ap ettersom dei har same syn på budsjettbalansen.

- Ikkje heilt tjukk i hovudet

Sjølv om han seier at Frp kunne ha ynskt å sitje i regjering, er han heilt klar på at det ikkje ville vere uproblematisk:

— Eg veit kor tøft det ville vere for Frp å kome i regjering. Forventningspresset til oss ville vere skyhøgt. Og greide vi då ikkje å innfri, ville vi gå rett ned på meiningsmålingane. Vi er ikkje heilt tjukke i hovudet heller, konstaterer Hagen.

For å bu seg på at det kan oppstå ein «situasjon», har Frp sett i gang eit arbeid der ein vurderer kva saker ein vil prioritere og kva ein kan akseptere å gje etter på, dersom ein skulle kome i «posisjon», ifylgje Hagen.

Hagen seier det berre er eit tidsspørsmål før Frp kjem inn i ei regjering. Han er heilt klar på at det er KrF som sit med nøkkelen til kva regjering ein skal ha. Det kan skipast fleirtalsregjering av KrF, H og Frp, eller av SV, Ap og KrF. Sjølv plasserer han partiet sitt mellom H og Ap.

«Drøymeposisjon»

Når BT spør om ikkje Frp og Hagen er i ein drøymeposisjon og ikkje kan oppnå meir enn det ein nå gjer, svarar Hagen slik med eit lurt smil:

— Vi er nøgde med det arbeidet vi har gjort for å kome dit vi er nå.

Posisjonen inneber at både SV, Ap og regjeringspartia beilar til Hagen og poserer viljug saman med han. Han får igjennom meir av Frp-politikken enn nokon gong før, og han finn seg vel til rette i å bli presentert som «på det vinnande laget».

Samstundes slår han fast at partiet er konsolidert og mykje sterkare enn nokon gong før.

— Sjølv om vi har hatt større oppslutnad på meiningsmålingane tidlegare, har vi då visst om tikkande bomber. Det er ikkje situasjonen i dag, seier Hagen og tek ferie.