— Dermed blir oppseiinga av dei tilsette ståande, seier dagleg leiar Kjellaug Ekse Brekkhus.

I den usikre situasjonen sa ho opp alle dei 38 fast tilsette rett før månadsskiftet. Medarbeidarane har frå tre til seks månaders oppseiingstid frå 1. juli, avhengig av kor lenge dei har vore tilsett.

Fire medarbeidarar utan fast tilsetjing, har fått melding om at det ikkje lenger er arbeid til dei.

Det er opp til styret for institusjonen å seia opp dagleg leiar.

Saman med styreleiar Terje Flage studerer ho akkurat no brevet frå Helse Vest om klagehandsaminga. Dei vil drøfta kva som kan bli neste steg.

Hagahaugen vart sett i ein yttarst vanskeleg situasjon då dei ikkje fekk tildelt ein einaste pasient i Helse Vest si tilbodsrunde for to år, gjeldande frå 1. august. Voss kommune har 12 sjukeheimsplassar ved den kommunalt eigde institusjonen. Kor mange tilsette som kan takast inn att i arbeid, er avhengig av kor mange av dei 50 ledige plassane det kan finnast alternativ utnytting av.