Dette kom til syne i Stortinget i går og vart forsterka gjennom ei pressemelding frå statsminister Kjell Magne Bondevik i går ettermiddag. Her freistar Bondevik å fortelje at det er i eigenskap av nestleiar i KrF Einar Steensnes har uttala seg om Hafslund-saka. Han seier også at Steensnes berre har gjeve råd til partifellene sine i Oslo i spørsmålet om eigarskap.

— Aldri sett maken

— Heilt oppsiktsvekkjande. Eg har aldri sett maken. Statsministeren skaper fullstendig forvirring om kven som møter i Stortinget, seier Ap-leiar Jens Stoltenberg i ein kommentar til Bergens Tidende etter å ha blitt presentert for pressemeldinga frå Bondevik.

Tidlegare på dagen stod olje- og energiminister Einar Steensnes på talarstolen i Stortinget og uttala at han har bede Oslo kommune vurdere spørsmålet om sal av aksjane sine i Hafslund på ny for å trygge nasjonalt eigarskap til Hafslund.

— Det seier seg sjølv at Steensnes uttalar seg som statsråd og ikkje som nestleiar i KrF når han møter og svarar på spørsmål i Stortinget. Tilgangen til Stortinget er avgrensa. Statsrådar har tilgjenge der, men det har ikkje ein nestleiar i KrF. Stortingspresidenten titulerte Steensnes som statsråd, og det gjorde også eg. Nå må statsministeren rydde opp, med mindre han vil innføre ein ny statsskikk, seier Stoltenberg.

Steensnes vart spurd ut av Ap-leiar Jens Stoltenberg. Steensnes erklærte seg heilt ut samd i dei vurderingane og synspunkta Stoltenberg kom med. Dei gjekk ut på at det er viktig å sikre nasjonal kontroll med kraftselskap som Hafslund.

Gabrielsen distanserte seg

Etter dette ville Stoltenberg vite om næringsminister Ansgar Gabrielsen var samd med Steensnes.

Det var Gabrielsen heilt tydeleg ikkje.

Han formulerte seg slik: - Kva Oslo kommune bør gjere og ikkje bør gjere er det ikkje opp til meg å avgjere eller meine noko om. Eg har ikkje behov for å guide nokon kommune.

Etter dette var Aps Sylvia Brustad raskt på pletten og hevda at regjeringa her snakka med to tunger.

Utdjupa spriket

Motsetningane vart utdjupa gjennom spørsmål frå parlamentarisk leiar i Sp, Marit Arnstad, som sjølv er tidlegare olje- og energiminister.

Dei vart forsterka gjennom spørsmål til dei to statsrådane frå SV-representantane Øystein Djupedal, Inge Ryan. og Hallgeir Langeland.

Steensnes avviste ikkje at staten kan gå inn, dersom det blir sal. Han ville ikkje ta stilling til spørsmålet, men sa at det ikkje var det mest naturlege.

— Eg bad statsminister Bondevik rydde opp i det uklare bildet av kva regjeringa står for etter at dei to statsrådane hadde møtt i Stortinget. I staden for å rydde opp har han skapt meir forvirring, seier Stoltenberg til BT.