Tveiten hadde ei avtale om at ho kunne gå attende til ei stilling i Hordaland fylkeskommune. Tveiten har aldri gjeve melding til arbeidsgjevaren sin om at ho ikkje lenger er interessert i denne stillinga. Tidleg på 90-talet vart Tveiten tilsett som sekretær for fylkestingsgruppa for Hordaland Arbeidarparti. Ho fekk då permisjon frå stillinga ho hadde på Vestlandsheimen. Da Vestlandsheimen vart nedlagt, vart stillinga hennar overført til Habiliteringsteamet, der det også vart tilsett vikar for henne. Året etter vart vikaren hennar tilsett i fast stilling. For at Tveiten ikkje skulle risikera å verta arbeidsledig, vart ho innvilga permisjon utan lønn. Samstundes vart ho også sikra rett til å koma attende til ei stilling som konsulent i Hordaland fylkeskommune når tida hennar på Stortinget var over. Søknaden om permisjon og føresetnadene som var knytt til permisjonen, vart innvilga av administrasjonsutvalet i Hordaland fylkeskommune i september 1993.

Inga oppseiing

Både fylkesrådmann Paul M. Nilsen og administrasjonsdirektør Geir Davidsen stadfester til BT vedtaket som vart gjort.

— Vi har aldri fått nokon melding frå Tveiten om at ho har sagt frå seg retten til å koma attende til fylkeskommunen, seier fylkesrådmannen. - Eg oppfattar det slik at den uspesifiserte stillinga som Tveiten hadde permisjon frå skulle knytast til helseadministrasjonen. Dersom ho hadde gjort krav på stillinga, ville vi ha hevda at stillinga skulle tilsetjast der. Dermed ville ho vorte overført til Helse-Bergen frå årsskiftet i fjor.

— Gjekk Tveiten inn i nokon stillingskabal då helseadministrasjonen var overført til Helse-Bergen?

— Nei, men om ho hadde meldt seg til teneste for oss, ville ha vore med i ein kabal. Fylkesrådmannen understrekar at det er ingen tvil om at Tveiten hadde krav på ei stilling i fylkeskommunen då ho tapte plassen sin på Stortinget hausten 2001.

— Men vi ser det ikkje slik at ho har noko krav om å koma tilbake til Hordaland fylkeskommune i dag, seier Nilsen.

Berre ein periode

Rita Tveiten seier til BT at ho aldri har oppfatta det slik at ho hadde ei stilling å koma tilbake til i Hordaland fylkeskommune.

— Det er rett at eg opphavleg søkte om permisjon frå fylkeskommunen for å gå inn som sekretær for fylkestingsgruppa. Då eg kom inn på Stortinget, er det rett at eg fekk permisjon den fyrste perioden. Men eg har ikkje søkt om permisjon etter fyrste perioden gjekk ut, hevdar ho.

ý Det er ingen som på noko tidspunkt, verken i fylkeskommunen eller tillitsvalde, som har teke kontakt og gjort meg merksam på at eg gjekk inn i nokon kabal i samband med stillingsoverføringane frå Hordaland fylkeskommune til Helse-Bergen

— Hugsar du at du fekk innvilga søknaden i 1993?

— Ja, det hugsar eg. Men har alltid oppfatta det slik at permisjonen berre gjaldt for fyrste periode frå 1993 til 1997. Eg har aldri søkt om nokon forlenging av permisjonen. Eg har heile tida trudd at eg ikkje hadde ei stilling å koma tilbake til. Det var også nett difor eg søkte om ventelønn, seier ho.

— Kva vil du gjera no?

— Eg vil ta kontakt med fylkeskommunen på måndag for avklara situasjonen.

Provoserer

  • Dette provoserer, seier hovudtillitsvald i Hordaland fylkeskommune, Monrad Reigstad, då BT legg fram saka for han.

— Eg trudde ventelønnsordninga var til for folkevalde som hadde mist plassen sin og ikkje hadde nokon arbeid å gå attende til, seier Reigstad.

Ut frå dei døma han kjenner til gjennom media, synest han ordninga vert altfor lettvint praktisert i dag.

Reigstad sat sjølv i administrasjonsutvalet då saka vart handsama der. Han er ikkje i tvil om at Tveiten hadde ei stilling å gå til i Hordaland fylkeskommune etter stortingsvalet i 2001.

— Difor vart eg både overraska og provosert då eg forstod at Tveiten hadde søkt og fått innvilga ventelønn, seier Reigstad som også er partifelle med den tidlegare stortingsrepresentanten frå Osterøy.

— Synest du Tveiten har misbrukt ordninga? ý Jo, generelt er det misbruk av ordninga når ein ikkje går tilbake til den stillinga ein har.

Eg har heile tida trudd at eg ikkje hadde ei stilling å koma tilbake til. Det var også nett difor eg søkte om ventelønn. Rita Tveiten