Eigentleg var det avklara lenge før Magnus Stangeland i spissen for resten av styret kom ut frå møtelokala i hovudadministrasjonen på Høvik. Kritikken hadde blitt for kraftig, mistilliten for sterk, uroa for stor og trugsmåla frå hæren av frivillige om å leggje ned åresalet for mange.

Etter eit nesten åtte timar langt møte, fortalde styret det alle eigentleg visste. Det går av. Til og med representantane for dei tilsette stiller sine plassar til disposisjon. Visepresident Hermod Larsen sa det rett ut:

— Det var ikkje noko anna alternativ.

Sit på oppseiing

Fram til eit ekstraordinært landsmøte 14. januar sit styret på oppseiing. Det er leiarane i dei 13 distrikta som utgjer det ekstraordinære landsmøtet, og dei skal velje eit nytt styre som skal fungere fram til ordinært årsmøte i slutten av mai.

— På dette møtet har målet vore å byggje tillit. Selskapet sitt beste har vore det overordna. Då vi møttest i dag var vi eit delt styre. No står vi samla bak det eg meiner er kloke og gode vedtak. Vi har følt ansvaret slik situasjonen er blitt. I dag meiner eg også heile styret har teke ansvaret, sa Stangeland då han presenterte løysinga.

Sluttpakke

Om den omstridde generalsekretær Monica Kristensen Solås heiter det at styret vil arbeide for å få til ei omforeint løysing snarast. I reine ord inneber det ein sluttpakke som gjer at ho sluttar i Redningsselskapet. I praksis blei Kristensen Solås avsett då Stangeland på pressekonferansen gav uttrykk for at ho har sitt heimekontor, men er fristilt frå arbeidsplikt i administrasjonen på Høvik. Stangeland let det skine gjennom relativt klart at det ikkje inngår som eit alternativ å tilby den omstridde generalsekretæren ein annan stilling i organisasjonen.

På pressekonferansen etter gårsdagens styremøte kom det fram at det hadde vore kontakt med Kristensen Solås utover dagen. Men om ho har akseptert styrevedtaket, blei det ikkje svart konkret på:

— Eg oppfattar ho slik at ho er letta over vedtaket som er gjort, sa Stangeland.

På spørsmål om kvifor han vende Kristensen Solås ryggen på styremøtet for halvanna veke sidan svara Stangeland slik:

— Eg har støtta ho heile tida, men den siste tida har eg innsett at det ikkje var så lett lenger. Bakgrunnen er det som har skjedd i fleire saker. Det går på tilliten, Datatilsynet og arbeidsmiljøgranskinga som styret blei kjend med i haust.

Vente og sjå

Den nesten like omstridde vikarierande generalsekretær Kjell L. Brevik held fram å vikariere, i alle fall til det ekstraordinære landsmøtet i januar. Avtalen om at Brevik skal ha 10.500 kroner dagen så lenge han fungerer som øvste administrative leiar i organisasjonen, har skapt sterke reaksjonar hos grunnplanet i selskapet.

På direkte spørsmål frå Bergens Tidende om han trur grasrota av frivillige vil akseptere at Brevik held fram, svara Stangeland slik:

— Vi får vente og sjå.

På pressekonferansen kom det også fram at det blir opp til det styret som kjem på plass 14. januar, å ta stilling til kva som skal skje vidare.

— Den nye leiinga som skal veljast må ta stilling til om stillinga som generalsekretær skal lysast ut.

Presidenten opplyste også at styret blei informert om frifinninga av distriktssekretæren i Troms undervegs i møtet:

— Vi tek domstolens avgjerd til etterretning, kommenterte Stangeland.

Dårleg omdømme

På møtet vedgjekk styreleiinga at striden dei siste månadene har skadd omdømmet til selskapet.

— Vi har fått eit dårleg rykte hos folket langs kysten. Det som har skjedd den siste tida har vore svært trist. Med vedtaket som vi har samla oss om i dag, er eg godt nøgd. Eg håpar dette skal vere med å leggje nye byggjesteinar til det viktige arbeidet selskapet skal gjere. For å kome vidare er dette beste løysinga, sa den avtroppande presidenten.

Sjølv om det ikkje kan vere tvil om at gårsdagen var tung for president Magnus Stangeland, var det ingen slagen mann som møtte mediekorpset:

— Eg har vore president i seks år. Då eg tok til var det 37.000 medlemer. No er vi over 60.000. Økonomisk gjekk selskapet i balanse. No har vi 600 millionar på bok.

SNAKKA SAMAN PÅ TELEFON: Magnus Stangeland og Monica Kristensen Solås snakka saman på telefon under styremøtet på Høvik i går. Begge må notruleg finne seg i å bli granska av eit uhilda utval.
Håvard Bjelland