I denne veka måtte to av dommarane i Høgsterett vike sete som ugilde, etter at retten var sett under behandling av tre saker som gjeld verknadane av konkurskarantene. Den eine dommaren, Jens Edvin A. Skoghøy, gjekk høgst ufriviljug, etter krav frå riksadvokaten. Den andre, Ingse Stabel, måtte vike sete etter at det vart oppdaga at ho openbert var ugild.

Fredag behandla Høgsterett spørsmålet om ein dom frå Borgarting lagmannsrett som gjeld dødsbomba i Drammen, må opphevast. Påstanden her er at ein av lagdommarane, Vibeke Groth, var ugild avdi ho tidlegare hadde vore med på å varetektsfengsle ein av dei som seinare vart dømd i saka. Ved varetektsfengslinga kom retten til at det var særleg sterk mistanke mot ein av dei som nå er dømd.

Forsvararane krev heile dommen for alle fem, oppheva.

Dei fem domfelte i saka, tilhøyrer eit kriminelt MC-miljø.

Straffesaka mot dei fem gjekk over fleire veker i vår, og det vil ha store konsekvensar om dommen blir oppheva og saka må gå på ny.

Fredag skulle Høgsterett også ha behandla spørsmålet om eigen habilitet for alle dommarane i Høgsterett. Spørsmålet der er om alle dommarane er ugilde til å behandle ei straffesak mot ein mann som julaften i fjor trengde seg inn heime hjå høgsterettsdommar Magnus Matningsdal.

Matningsdal er også tidlegare førstelagmann i Gulating lagmannsrett.

Den straffedømde mannen på 61 år trengde seg inn og truga Matningsdal med bakgrunn i at han for ni år sidan, som dommar i heradsretten, dømde i ei barnefordelingssak.

Mannen oppsøkte dommaren på julaften i sinne og frustrasjon med påpstand om at dommaren var ansvarleg for at han hadde misst kontakten med barna sine.

Konsekvensane av om heile Høgsterett skulle bli ugilde i ei sak på grunn av slike omstende, ville vere uhyrlege og nesten ikkje til å overskode. Det kunne også leie til at dommarane blir meir utsett for trugsmål og vald.

Dette saka måtte utsettast på grunn av habilitetsproblema i konkurskarantenesaka. Saka kjem nå opp i slutten av oktober.