• Journalistane var mest opptatt av å lage store oppslag etter Sleipner-forliset, ikkje av å gje ei balansert framstilling av fakta, meiner HSD-sjef Per Atle Tellnes.

Tellnes var invitert til å fortelje korleis han har opplevd tida etter katastrofen då den årlege Haugesund-koferansen opna i går.Han nytta høvet til å gå hardt ut mot måten HSD og Sleipner-ulykka vart dekt av pressa på.— Vi vart utsette for spekulative, feilaktige og urettferdige skuldingar, sa Tellnes, som meiner absolutt all informasjon vart brukt imot HSD.- Media ville ha syndebukkar snarast råd, og ropte etter blod. Nokon skulle ta sin hatt og gå, det var målet, sa Tellnes.Han klaga også over journalistar som var uallminneleg frekke og pågåande, og fortalde om gjentatte oppringingar midt på natta.- Dei hadde veldig vanskeleg for å akseptere at vi ikkje kunne sleppe alt vi hadde i hendene umiddelbart, sa Tellnes.- Men granskingskommisjonen rettar også sterk kritikk mot HSD?- Eg meiner ikkje å forherlige oss sjølve. Men eg etterlyser større objektivitet hos journalistane, seier Tellnes.