Storundersøkinga «Barn i Bergen» viser at problema startar allereie i småskulealderen.

Dobbelt så mange gutar som jenter har psykiske helseproblem i småskulen. Størst skilnad mellom kjønna er det på problem knytt til konsentrasjon, åtferd og merksemd.

Dårleg konsentrasjon

I tillegg til at gutar har større vanskar med konsentrasjonen, har dei også større risiko for å bli lei seg og triste, ifølgje undersøkinga for 4.-7. klasse.

— Mange trur jenter har størst kjenslemessige problem. Vi er overraska over desse funna, seier Lin Sørensen.

Ho er stipendiat ved Regionsenteret for barn og unges psykiske helse på Universitetet i Bergen, og står bak eit av delprosjekta i storundersøkinga.

— Om du har eit barn med konsentrasjonsproblem, er risikoen stor for at barnet også har emosjonelle vanskar, seier Sørensen.

«Barn i Bergen» følgjer tre årskull frå dei i 2002 starta på skulen, til dei går ut av vidaregåande skule i 2012.

Motorikk

Gutar kjem dårleg ut over heile linja i undersøkinga. Blant anna har gutar større vanskar med kroppsmotorikken. Over halvparten av gutane med lav sjølvkjensle, har så store motoriske problem at dei vil vere hemma i både leik og sport. Angstproblem er derimot likt delt blant jenter og gutar.

Ungane reagerer ulikt på kjenslemessige problem, meiner forskaren.

— Gutar kan ofte reagere ved å vere overaktive, aggressive og frustrerte. Det er ikkje så lett å gjenkjenne dette som det det er - altså å vere trist utover det som er normalt blant jamaldrande, seier Sørensen.

Også jenter kan vere vanskelege å måle. Både foreldre og lærarar rapporterer inn til undersøkinga, og frykta var at stille jenter blei usynlege for lærarane.

— Men svara frå foreldra og lærarane er ofte samsvarande. Jentene blir sett, meiner Sørensen.

Tøff inntil tomannshand

Ved Haukedalen skole har alle lærarar seminar i regi av «Barn i Bergen». Føremålet er å heve kompetansen om psykiske problem blant skuleungane. Også kollegaer frå naboskulane deltek. Kring 60 lærarar går gjennom hovudkonklusjonane til undersøkinga.

— Med gutar må du oftare ane deg fram til kva som er problemet. Dei skal framleis vere tøffe. Men får du dei på tomannshand, er det ei heilt anna sak, seier Ola Aakernes, kontaktlærer for nokre av sjetteklassingane ved Haukedalen skole.

— Medan jenter pratar meir og seier ifrå i større grad, svarar May Utle, rådgjevar ved skulen.

Lærarane opplever ikkje at gutar har større problem i skulekvardagen enn jentene.

— Eg trur ikkje det. Men samstundes tenkjer eg at mange foreldre har ein tøff jobb i å oppdra gutar. Mange manglar farsfigurar, seier Bente Barsnes. Også ho er kontaktlærar for sjetteklassingar ved skulen.

Snur etterpå

Dei tre lærarane trur alder er ein stor årsak til kvifor gutar kjem dårleg ut på småskulen og mellomtrinnet.

— Vi veit at gutar blir seinare modne. Det merkar vi på ein del av dei seksårige gutane. Dei burde fått leike seg ferdig i barnehagen før dei starta på skulen, seier Barsnes.

Stipendiat og psykolog Lin Sørensen ser også på alder som ein hovudårsak til større guteproblem.

— Kanskje er det ulik utvikling mellom kjønna som gjer at fleire gutar har psykiske problem. Vi ser ofte ei slik aldersutvikling, der det snur seg i tenåra. Kanskje fangar ikkje samfunnet opp problema hos jentene, eller at vanskane kjem seinare, seier Sørensen.

Kvifor slit gutar mest med psykiske problem? Sei di meining.

Paul S. Amundsen