Det skjer i form av eit såkalla daddelvedtak i plenum, som rettar kritikk mot statsråden. Vedtaket er så nær mistillit det er råd å kome utan å fremje eit direkte mistillitsframlegg. Vi må mange år tilbake for å finne tilsvarande hard kritikk mot ein bestemt statsråd.

Samla opposisjon

Fleirtalet i Kontrollkomiteen, Ap, Frp og SV har funne grunnlag for å rette kvass kritikk mot Gabrielsen på ei rad punkt. Berre Høyre og KrF går imot kritikken.

Sp, som ikkje er representert i komiteen, vil også slutte seg til kritikken når saka i dag kjem opp i Stortinget.

— Det går ikkje an å selje staten sine aksjar på billegsal, slik det har skjedd i denne saka, seier parlamentarisk leiar i Sp, Marit Arnstad, til Bergens Tidende.

Dermed er det ein samla opposisjon som står bak den knallharde kritikken.

Komitefleirtalet rår Stortinget til å gjere fylgjande vedtak:

«Stortinget uttaler at nærings- og handelsministerens håndtering av salget av SND Invest AS var kritikkverdig.»

Avslår å kommentere

Næringsminister Ansgar Gabrielsen avslår å kommentere innstillinga overfor Bergens Tidende. Han seier at han først vil uttale seg når saka kjem opp i Stortinget i dag. Han vil heller ikkje svare på om han trekker nokon konsekvensar av vedtaket.

Komitefleirtalet uttalar i innstillinga at Regjeringa si handtering av salsprosessen svikta på fleire punkt. For det første hadde ein ikkje fullmakt frå Stortinget til å setje i gang nokon salsprosess då prosessen vart starta. Og sjølv om ein skulle akseptere statsråden sitt syn om at han hadde fullmakt, var salsprosessen kritikkverdig. Han opptrådte i strid med klare råd frå styret og behandla tilbydarane ulikt.

«Aktsomhetsplikt»

«Når et styre kommer med så klare anbefalinger og gir signal om at man på statens vegne er i ferd med å si fra seg en gevinst i størrelsesorden på en halv milliard kroner, har statsråden en særlig aktsomhetsplikt. Statsråd Gabrielsen har likevel med åpne øyne valgt en modell som salget av aksjene i SND Invest AS hvor det er lagt opp til å gi rabatter med ca. 50 pst. i forhold til foreliggende verdivurderinger.», skriv komiteen.