Fire bønder i Maldal i Ryfylke har i Stavanger tingrett fått 28,6 millionar kroner på deling for fallrettane sine.

— På tide at bøndene ikkje blir avfeia med knappar og glansbilete, men får erstatning etter dei reelle verdiane, uansett om fossespekulantane er private eller offentleg, seier Otto Dyrkolbotn, ein av prosessfullmektigane.

Aukar verdien

Etter tidlegare rettspraksis ville erstatninga vorte mellom 1,5 og 1,7 millionar kroner, etter Dyrkolbotn si utrekning. Til no har talet på utvunne naturhestekrefter vore basis for erstatningsutmålinga. Nye prinsipp tek omsyn til at dagens straumprisar gjer kraftverka langt meir verdfulle.

— Saudefaldene AS vil anka dette skjønet til overskjøn. Det er ganske sikkert, seier Johan Hovland i Elkem Energi, som eig det meste av Saudefaldene.

Høgsterett har eit tilsvarande skjøn til vurdering. Der kasta både skjøn og overskjøn vrak på naturhestekreftene. Den venta høgsterettsdommen vil avgjera om dei nye prinsippa, og mangedobla erstatningsbeløp, skal bli gjeldande rett.

Vil bygga sjølv

Bøndene vann ikkje fram med ein påstand om at oreigninga var ulovleg, fordi dei sjølve hadde planar om å nytta fallet til kraftutbygging, det same føremålet som Saudefaldene.

— Slik den nye Vassressurslova blir tolka, kan kven som helst innanfor EØS-området, offentlege eller private, som vil tene pengar på norske grunneigarar sine vassressursar, er det fritt fram. Det dei treng er eit ja frå den til kvar tid sitjande regjering, seier Dyrkolbotn.

Og regjeringa må vera varsam med å diskriminera utlendingar og private.

— Det sørgjelege med dette er at lova vart fremja av ein Sp-statsråd (Marit Arnstad) og på Stortinget røysta alle i SV for, seier Dyrkolbotn.

— Vil grunneigarane anka dette punktet?

— Veit ikkje, men det tvilar eg på. Kven vil satsa bortimot 30 millionar kroner på ei prinsippsak? Ein skal ikkje venta at fire bønder i Ryfylke skal redda verda.