«Gullpensjonen» endå meir gullkanta

Lønn og pensjon for statsminister og statsrådar er meir enn dobla frå 1996 og fram til i dag. Folketrygd og statspensjon har i same periode auka med knapt 50 prosent.

Dette stadfester Statens Pensjonskasse overfor Bergens Tidende.

I 1996 hadde statsministeren ei årsløn på 434.000 kroner. Pensjonen etter full opptening, seks år, var 247.380 kroner.

I dag er årsløna 1.070.000 og pensjonen 609.900 kroner.

Ordlyden i lov om statsrådspensjon seier at ein må ha vore statsråd i til saman minst tre år for å få rett til pensjon.

- Toler knapt dagslys
Samordningslova og tilhøyrande forskrifter gjer at statsrådar som før eller etter perioden som statsråd har vore tilslutta ei offentleg tenestepensjonsordning, likevel får rett til statsrådspensjon etter berre seks månader som statsråd. Også etterløn i inntil tre månader etter statsrådsjobben, tel med.

- Desse reglane er så «gullkanta» gunstige for statsrådane at dei knapt toler dagens lys, seier professor Dagfinn Aarskog. Han er leiar for gruppa av statspensjonistar som gjekk til sak mot staten. Dei vann i tingretten men tapte i Høgsterett.

Tredobling
Samordningsreglane har gjort at ein mann som tidlegare statsminister Lars Korvald, har hatt rett til statsministerpensjon, sjølv om han mangla to dagar på å ha sete eitt år i jobben. Korvald (KrF) var statsminister frå 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973. Han fylte nyleg 90 år.

Korvald var rektor, stortingsrepresentant og sidan fylkesmann. Han gjekk av som pensjonist frå fylkesmannsjobben i Østfold i 1986.

Då var løna som statsminister 365.701 kroner og pensjonen 208.449. Sidan den tid er både lønn og pensjon for statsministeren tredobla.

Korvald opparbeidde rett til pensjon frå Folketrygda, frå Stortinget, frå Statens Pensjonskasse gjennom jobben som rektor og seinare fylkesmann og endeleg som statsminister.

Resultatet blir pensjon som tilsvarar 57 prosent av statsministerløna til ei kvar tid. Pensjonen utgjer nå 609.900 kroner. I tillegg har han rett på å få utbetalt 10 prosent av grunnbeløpet i Folketrygda. Grunnbeløpet utgjer 6 2.892 frå 1. mai.

Ein tidlegare statsråd, med mindre enn tre års regjeringstid, som ikkje har hatt sete på Stortinget og som ikkje har vore tilslutta ei offentleg tenestepensjonsordning, får derimot ingen ytingar frå statsrådspensjonsordninga.

- Pest eller kolera
- Når vi vanleg dødelege høyrer ordet samordning i pensjonssamanheng betyr det vanlegvis pest eller kolera. Men slik er det ikkje for statsrådane. Dei får det beste av alt, seier Aarskog.

Denne gruppa tilhøyrer statens mest trufaste pensjonerte toppembetsmenn. Dei har, etter 30 års oppteningstid, hatt ei heilt anna pensjonsutvikling enn statsrådane.

Dei som vart pensjonerte før 1. mai 2000 med toppløn i staten, vil etter den siste reguleringa få ein årleg pensjon på 387.414 kroner etter 30 års oppteningstid.

Dei som vart pensjonerte etter denne datoen, vil få ein årleg pensjon på 498.104 kroner. Forskjellen mellom dei to gruppene vil auke år for år.



Les også

Siste fra Innenriks

Vil frata Klomsæt bevillingen

Tilsynsrådet for advokater mener Sigurd Klomsæt bør miste sin advokatbevilling og har sendt saken til Advokatbevillingsnemnden.

Vibeke Løkkeberg vil intervjue Breivik

Filmskaperen har bedt om et intervju med terrortiltalte Anders Behring Breivik til hennes film om 22. juli

SSB: Innvandring lønner seg ikke

Koster mer i utgifter enn de bidrar i skatt.

Megleren: Krevende forhandlinger i Oslo

Ennå ikke lagt frem noen skisse.

Sverre Magnus og Ingrid Alexandra rammet av streiken

Hverken prinsesse Ingrid Alexandra eller prins Sverre Magnus har noen skole å gå til etter at meklingen i stat og kommune brøt sammen.

Unge kjøper bolig med forbrukslån

- Fenomenet tyder på en desperasjon blant de unge, som er dramatisk, mener forbrukerøkonom.

fakta/ politikarpensjonar

  • Onsdag presenterte Bergens Tidende ein artikkel om gullkanta politikarpensjonar. Den fortalde om statsrådar som får full pensjon frå fylte 65 år etter seks års oppteningstid.
  • Pensjonen utgjer 57 prosent av den statsrådløna som til ei kvar tid gjeld. Det inneber automatisk byks i pensjonen så snart statsrådløna blir justert.
  • Stortingspolitikarane får full pensjon, 66 prosent av stortingslø na, etter 12 år på tinget. Pensjonen blir justert på same må te som for statsrådar.
  • Andre arbeidstakarar må arbeide i 30-40 år for å oppnå full pensjon. Og dei får berre prosentvise justeringar av pensjonen.


Mest lest

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

Siste saker

SØK I SKATTELISTENE (2009)

På forsiden nå

Lederstillinger

Stillinger