Dette stadfester Statens Pensjonskasse overfor Bergens Tidende.

I 1996 hadde statsministeren ei årsløn på 434.000 kroner. Pensjonen etter full opptening, seks år, var 247.380 kroner.

I dag er årsløna 1.070.000 og pensjonen 609.900 kroner.

Ordlyden i lov om statsrådspensjon seier at ein må ha vore statsråd i til saman minst tre år for å få rett til pensjon.

— Toler knapt dagslys

Samordningslova og tilhøyrande forskrifter gjer at statsrådar som før eller etter perioden som statsråd har vore tilslutta ei offentleg tenestepensjonsordning, likevel får rett til statsrådspensjon etter berre seks månader som statsråd. Også etterløn i inntil tre månader etter statsrådsjobben, tel med.

— Desse reglane er så «gullkanta» gunstige for statsrådane at dei knapt toler dagens lys, seier professor Dagfinn Aarskog. Han er leiar for gruppa av statspensjonistar som gjekk til sak mot staten. Dei vann i tingretten men tapte i Høgsterett.

Tredobling

Samordningsreglane har gjort at ein mann som tidlegare statsminister Lars Korvald, har hatt rett til statsministerpensjon, sjølv om han mangla to dagar på å ha sete eitt år i jobben. Korvald (KrF) var statsminister frå 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973. Han fylte nyleg 90 år.

Korvald var rektor, stortingsrepresentant og sidan fylkesmann. Han gjekk av som pensjonist frå fylkesmannsjobben i Østfold i 1986.

Då var løna som statsminister 365.701 kroner og pensjonen 208.449. Sidan den tid er både lønn og pensjon for statsministeren tredobla.

Korvald opparbeidde rett til pensjon frå Folketrygda, frå Stortinget, frå Statens Pensjonskasse gjennom jobben som rektor og seinare fylkesmann og endeleg som statsminister.

Resultatet blir pensjon som tilsvarar 57 prosent av statsministerløna til ei kvar tid. Pensjonen utgjer nå 609.900 kroner. I tillegg har han rett på å få utbetalt 10 prosent av grunnbeløpet i Folketrygda. Grunnbeløpet utgjer 6 2.892 frå 1. mai.

Ein tidlegare statsråd, med mindre enn tre års regjeringstid, som ikkje har hatt sete på Stortinget og som ikkje har vore tilslutta ei offentleg tenestepensjonsordning, får derimot ingen ytingar frå statsrådspensjonsordninga.

- Pest eller kolera

— Når vi vanleg dødelege høyrer ordet samordning i pensjonssamanheng betyr det vanlegvis pest eller kolera. Men slik er det ikkje for statsrådane. Dei får det beste av alt, seier Aarskog.

Denne gruppa tilhøyrer statens mest trufaste pensjonerte toppembetsmenn. Dei har, etter 30 års oppteningstid, hatt ei heilt anna pensjonsutvikling enn statsrådane.

Dei som vart pensjonerte før 1. mai 2000 med toppløn i staten, vil etter den siste reguleringa få ein årleg pensjon på 387.414 kroner etter 30 års oppteningstid.

Dei som vart pensjonerte etter denne datoen, vil få ein årleg pensjon på 498.104 kroner. Forskjellen mellom dei to gruppene vil auke år for år.