• Eg blir ganske oppgitt av det som skjer. Små kommunar er så hardt pressa at vi snart ikkje kan gi innbyggjarane det dei har krav på.

Ifølgje Gulen-ordførar Trude Brosvik (KrF) kan ikkje kommunen kutte meir no. Og i går sa kommunalminister Erna Solberg at regjeringa sitt forslag til kommuneøkonomi kan føre til reduserte velferdstilbod.

— Vi har allereie større utgifter enn inntekter, og har plikter overfor innbyggjarane. Viss vi ikkje klarar å snu skuta ganske fort, går vi mot ein situasjon der vi ikkje lenger kan styre oss sjølve, seier Brosvik.

Sjølv om KrF sit i regjering, ser ikkje Brosvik det som si oppgåve å stille seg bak denne politikken. Gulen-ordføraren har tidlegare tatt kommunalministeren i skule og vist henne kva utkantkommunar har å stri med.

— Min jobb er ikkje å forsvare dei. Eg er ueinig i det som skjer, seier ho.

— Det er vanskeleg å redusere meir. Det blir vanskelegare og vanskelegare å greie seg, seier ordførar i Fedje, Vilgerd Storset Husa (KrF).

Men ho ser det ikkje som problematisk at Høgre er med i regjeringa.

— Det er klart det er ein annan profil når Høgre er det store partiet. Og regjeringa kan vise til at summane til kommunane har auka. Det er berre det at det ikkje strekk til, seier Husa.