Regjeringa har tidlegare gått inn for å leggje eit sentralt avfallslager til Sokndal i Rogaland. I fjor haust blei det frå regjeringshald gitt tilsegn om statsgaranti til deponiet. Men veksande lokal motstand i rogalandskommunen gjer at energi— og miljøkomiteen på Stortinget no sender saka tilbake til regjeringa.

Dermed er sjansane store for at lågradioaktivt avfall frå heile landet likevel kan kome til å hamne på lager i Gulen, kommunen som var Sokndals fremste konkurrent. Frå før er det klart at Statoil siktar seg inn mot Gulen etter at dei har teikna kontrakt med verksemda Wergeland-Halsvik AS i Sløvåg.

Millioninntekter

Oljeindustrien, som i all hovudsak produserer dette avfallet, har heile tida vore svært positive til Gulen-alternativet. Planen er å sprengje ut tunnelar for å lagre fleire hundre tonn radioaktivt avfall på Stanganeset i Sløvåg. For oljeselskapa har avfallet, som kjem frå avleiringar frå olje- og gassproduksjonen, vore ei mare gjennom fleire år. Hittil har det vore ført til oljebasane på Ågotnes og i Florø.

Når det blir kamp om eit slikt prosjekt, er grunnen at det handlar om arbeidsplassar og millioninntekter. Kommunen vil kunne få ein eingongskompensasjon på fleire millionar kroner, og dessutan 40.000 kroner for kvart tonn avfall som blir lagra. I tillegg er det altså snakk om lågradioaktivt avfall med stråledosar som i følgje styremaktene ikkje skal kunne medføre helsefare. Dette er grunnen til at kommunepolitikarane i Gulen sa ja til å ta mot avfallet.

Men regjeringa meinte Sokndal var betre, og gav i fjor statleg garanti for å opprette eit sentralt lager i Sokndal. Dei fleste trudde då at saka var avgjort.

Motstand

Men i ettertid har motstanden mot planane vakse i Sokndal. Ein eigen aksjonskomité er skipa for å kjempe mot etableringa av deponiet. Og ikkje berre er det motstand mellom soknedølingar flest, også blant kommunepolitikarane har skepsisen auka. Så seint som rett før jul gjorde kommunestyret eit vedtak der det heiter at dei no ville gått mot etableringa.

Den lokale motstanden gjer at fleirtalet i energi- og miljøkomiteen på Stortinget no vil sende saka tilbake til regjeringa. Komitéen meiner regjeringa må gjere eit endeleg vedtak om kvar lageret for lågradioaktivt avfall skal plasserast. Saka kjem fram for Stortinget i morgon.

Måndag skipar Statens strålevern til informasjonsmøte i Eivindvik om anlegget i Gulen. Også tidlegare har det vore folkemøte i sognekommunen om planane, men utan at det har kome fram nemnande motstand mot at eit avfallslager for lågradioaktive stoff blir plassert i kommunen.