Etter intense samtaler mellom partigruppene har Høgre og Kristeleg Folkeparti snudd. Dei vil begge gå for nynorsk når saka kjem til votering tysdag ettermiddag. Truleg vert det tilnærma samrøysta vedtak for nynorsk, og eit stort nok fleirtal for den såkalla Vinje-modellen på bokmål. Det vil seie fleire enn 113 røyster, som må til for å endre Grunnlova.

Til siste slutt

Etter at Kontroll og konstitusjonskomiteen avga si innstilling sist tysdag, har det vore kontakt under handa mellom politikarar frå alle partia. Gjennombrotet kom måndag ettermiddag, men tingingane heldt fram utover kvelden. Årsaka til det er eit ønskje om størst mogleg semje når eit så stort spørsmål som Grunnlova sin språkform skal avgjerast.

Kristeleg Folkeparti, som før helga var klårt mot nynorskversjonen, har skifta syn. Dette fordi dei får inn to formuleringar om menneskerettar i Grunnlova, som dei har tapt tidlegare i arbeidet. Det gjeldt ei setning om familien sin plass, og ei overordna formulering om menneskerettane.

Nynorsken sigrar

Høgre har for sin del skifta frå å vere mot alle endringar, til å gå for nynorsk og den meir konservative teksten som professor Finn— Erik Vinje har formulert.

— Om dette blir resultatet i morgon, betyr det at nynorsken får ein større bruk enn bokmål i norsk rettspleie, seier saksordførar Per Olaf Lundteigen.

Det grunngjev han med at Vinje-versjonen, som truleg vert vedteken, er svært konservativ og gamaldags i forma.

— Det vert mykje lettare for folk å vende seg til nynorskversjonen enn til Vinje når dei skal studere Grunnlova, meiner Lundteigen.