Tidlegare år har reknestykket vist at 100.000 barn har problem i jula, fordi foreldra drikk for mykje.

— I år er talet truleg langt høgare, seier Trine Stensen Lunde i Alkokutt til NRK.

Julebordsfeiring og eit meir kontinentalt drikkemønster viser nemleg godt igjen på lommeboka. I desember i år brukar vi 240 millionar kroner meir på alkohol enn i same månad i fjor, ifølgje nye tal frå Vin- og brennevinsleverandørenes forening.

— Alkohol og julefeiring er eit aukande problem. Først og fremst for barna, seier professor i psykiatri, Fred Holsten, til BT.

Bruk av alkohol kan vere svært uheldig for personar som er disponerte for depresjonar. Dei blir meir irritable og ustabile i humøret, og er meir utsette for depresjon dagen derpå.

— Avgrens for all del bruken av alkohol i jula. Ta signala og tenk på barna, oppfordrar Holsten.

Simon Flem Devold oppfordrar også foreldre til å la flaska stå når det er ungar til stades. Barn likar ikkje at foreldra er fulle.

— Dei føler at foreldra heller vil drikke mykje alkohol enn å ha det hyggeleg med dei på julaftan, seier Flem Devold til NRK.