— Tidlegare tenkte ein at Noreg låg isolert frå resten av Europa heilt fram til vikingtida. Det ser me no at er heilt feil, blant anna av utgravingane i Kvinnherad, seier forskar Søren Diinhoff ved Bergen Museum.

Diinhoff leia tidlegare i sommar prosjektet å undersøkje eit fire dekar stort jorde ved Rosendal i Kvinnherad, der det no skal lagast eit byggjefelt. Arkeologar frå Bergen Museum avdekkja til saman kring 25 hustufter frå bronsealder, romersk jarnalder og vikingtid.

Romarriketraktaten

— Romersk jarnalder går frå år null og 400 år fram. Danninga av Romarriket i denne tida gjorde det lettare å drive handel, som òg bøndene i Noreg fekk merke. Me ser at gardane blei større og at velstanden auka, fortel Diinhoff.

Kring 500 år før Kristus gjekk bronsealder over i jarnalder. På denne tida blei samfunna organisert på nye måtar, som fekk konsekvensar for korleis velstanden blei fordelt.

— Kollektive stammesamfunn gjekk over til å bli individuelle slektskapssamfunn. Det blei innført sterkare arverett til jorda, som gjorde det meir attraktivt å leggje seg opp rikdom. Saman med dei gunstigare vilkåra for handel i romersk jarnalder, ser me tydeleg at det bygde seg opp storgardar der jorda var litt betre enn andre stader, held Diinhoff fram.

Storgarden Skåla

Utgravingsfeltet i Kvinnherad høyrer til garden Skåla, som forskarane trur var sjølve gromgarden i bygda, tusen år og vel så det før Baroniet Rosendal.

— Denne gongen fant me ikkje noko frå folkevandringstida, den perioden då me andre stader har sett at det vaks fram gigantiske langhus. Men tuftene ligg der nok ein stad, fortel forskaren.

Diinhoff seier funna frå Kvinnherad er med å fylle ut historia om Hordaland.

— Det er gjort få slike utgravingar her i fylket. Me har måtta tjuvlånt frå Sogn og Fjordane, fortel han.