Det inneber grønt lys for innføring av EU sitt datalagringsdirektiv som krev lagring av alle trafikkdata i 6-24 månader.

Alle trafikkdata for fasttelefon, mobiltelefon, IP-telefoni, e-post og internett, skal då lagrast frå 15. september i år. I dag har alle telekom-operatørar hatt plikt til å slette slike data snarast råd.

Det nye direktivet inneber ei total endring av rettstilstanden.

Mot røystene frå Venstre forkasta Stortinget eit framlegg frå Venstre som ville sette ei øvre grense på maksimum seks månaders lagring, dersom Noreg innfører Datalagringsdirektivet som er fastsett av EU.

Formelt er det ikkje avgjort at Noreg innfører direktivet. Men statssekretær Steinulf Tungesvik (Sp) i Samferdsledepartementet har tidlegare opplyst til BT at det ikkje ligg til rette for at Noreg reserverer seg mot dette direktivet.

I departementet får BT opplyst at eit høyringsbrev om saka først vil bli sendt ut i mai.

Direktivet er innførd for å styrke kampen mot alvorleg kriminalitet i kjølvatnet av terrorbombene i Madrid og London.

— Åtak mot personvernet

— Det er tankevekkande at stortingsfleirtalet ikkje eingong vil sette ei maksimumsgrense for slik lagring, seier direktøren i Datatilsynet, Georg Apenes.

Han seier heile direktivet er eit klart åtak mot personvernet i Europa, og seier at skaden allereie er skjedd når ein aksepterer å innføre direktivet.

— Så vidt eg forstår meiner regjeringa at ein kan innføre lagring i lengre tid enn minimumstida EU krev, seier Apenes.

Rolf Reikvam frå SV seier til Bergens Tidende at han er heilt samd med Venstre i denne saka, noko han også gav uttrykk for i Stortinget.

— Eg ventar at regjeringa går inn for minimumskravet frå EU i denne saka, seier Reikvam.

Slik situasjonen er, røysta han likevel mot framlegget frå Venstre.

— Resultatet er skuffande. Erfaringa mi frå mange år på Stortinget er at det er Stortinget som har måtta stille opp for personvernet. Dette er ein type spørsmål der ein får avgrensa hjelp i regjeringsapparatet. Utan at Stortinget legg press på regjeringa, taper personvernet mot alle andre «gode argument», seier Venstre-leiar Lars Sponheim.