Dei tre som representerar dei tilsette gjekk saman med resten av styret i Vinmonopolet i natt inn for at adm. direktør Knut Grøholt skal få behalde stillinga.

Samstundes vil styret vurdere å seie opp to tilsette og degradere tre andre for å ha motteke smøring frå vinleverandøren Ekjord AS.

I førmiddag gjorde arbeids og admininstrasjonsminster Dagfinn Høbråten det klart at han støtta styret, som sjølve ikkje har fullmakt til å avgjere lagnaden til Grøholt. Helge Storvik, som leiar Funksjonærklubben i Vinmonopolet og sit i styret, vedgår at det ikkje var lett å falle ned på denne konklusjonen.

— Det var vanskeleg. Eg er ikkje jurist, så eg måtte stole på dei som hadde undersøkt saken, seier han.

— Men det må no vere mange av dine medlemmer som tenkjer at det her ikkje er likskap for lova?

— Heilt sikkert, men den diskusjonen må vi ta.

— Du tenkjer ikkje slik?

— Eg har i alle fall tenkt slik. Men så er eg i den heldige situasjonen at eg har folk som kan bistå meg i tankegangen, folk eg kan diskutere med, seier han.

BEHOLDER JOBBEN: Knut Grøholt.
SCANPIX