Dei to tidlegare statsministrane og partileiarane, som leidde partiet i til saman 20 år, frå 1981 til 2002, var begge til stades då partileiar og statsminister Jens Stoltenberg avduka portretta av dei to. Bileta er måla av kunstnaren Tore Juell.

Begge kom på veggen ved sida av Gro sin forgjengar, Reiulf Steen.

Rygg mot rygg

Ingen kunne unngå å legge merke til at Gro og Thorbjørn heng og poserer, rygg mot rygg.

— Det ligg ikkje noko i det, forsikra Gro. Medan Thorbjørn Jagland fastslo at han og Gro «var eit godt radarpar», Gro som leiar, han som partisekretær.

Kunstnaren sjølv meinte dei burde byte plass, for det var ikkje slik han hadde tenkt seg opphenginga. Men for dei som kjenner historia, var dette perfekt:

Det er ingen løyndom i at Gro ikkje ynskte Thorbjørn Jagland som sin etterfylgjar i partileiarstolen i 1992. Hennar kandidat var Jens Stoltenberg. Det var LO-leiar Yngve Hågensen, som leidde valkomiteen, som dreiv igjennom valet av Jagland.

Jens «på vent»

Jens måtte vente i 10 år før han slapp til. Då hadde mykje vondt blod runne i havet.

Avdukinga var kopla til gårsdagens sentralstyremøte i partiet. Mange fortente medarbeidarar hadde funne vegen til seansen.

PÅ VEGGEN: Tore Juell har måla Gro Harlem Brundtland og Thorbjørn Jagland. I går kom bileta på veggen i sentralstyresalen i Ap. FOTO: JARL FR. ERICHSEN, SCANPIX