EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no— Det er urealistisk å tru at vi vil kome i mål i løpet av året. Vi må forhalde oss til dei økonomiske rammene vi har fått av Stortinget. Dette er til sjuande og sist eit politisk spørsmål, seier ferjedirektør Steinar Eriksen i Vegdirektoratet. Dermed er det duka for konflikt mellom Sjøfartsdirektoratet, som skal sjå til at dei nye og strengare reglane blir følgde, og Vegdirektoratet, som skal betale rekninga.Bergens Tidende fortalde i går at 19 ferjesamband må oppjusterast innan nyttår for å tilfredsstille ei ny forskrift om tryggleik på passasjerskip. Blant sambanda som har fått stempelet "for farleg" er Hjellestad-Klokkarvik og Måløy-Oldeide. Nedgang i løyvingane Sjøfartsdirektoratet har fullmakt til å stoppe skip som ikkje oppfyller krava, og sjefen for passasjerskipsavdelinga, avdelingsdirektør Konrad Magnus Havig, uttalte i går at det ikkje kjem på tale med dispensasjonar. Forskrifta vart iverksett i januar 2000, men har ikkje vorte følgd av meir pengar til utskifting av gamle ferjer. Tvert imot har løyvingane gått sterkt ned. Medan det i 1999 vart gitt grønt lys for å investere 600 millionar kroner i nybygg og ombygging av gamle ferjer, var summen i fjor 400 millionar og i år 300 millionar kroner. Prislappen ukjent Oddvard Nilsen (H), leiar i samferdslekomiteen på Stortinget, er provosert av at Vegdirektoratet skuldar på manglande pengar frå politikarane.- Eg kan ikkje hugse at vi nokon gong har sagt nei til å løyve pengar som skal styrke tryggleiken. Tvert imot har dette arbeidet høgaste prioritet hos oss. Men då må vi få beskjed frå embetsverket om kvar pengane trengs og kor mykje det er snakk om, seier Nilsen.Vegdirektoratet veit ikkje ein gong kor mykje oppgraderinga vil koste, og har ingen tal dei kan presentere for politikarane i dag. Dei stiller seg også spørjande til at Sjøfartsdirektoratet er så bastante på at dei ikkje vil gje dispensasjonar.- Ei forskrift i seg sjølv betyr ikkje at vi kan slutte å gjere det vi skal: Å få trafikantane fram både over sjø og land, seier ferjedirektør Steinar Eriksen.Heller ikkje avdelingsdirektør Øen ser bort frå at forskriftene kanskje må brytast. - Det er ikkje slik vi ønskjer det skal vere. Men vi kjenner tilsvarande situasjonar både frå helsevesenet og andre område, seier Øen. - Er godt i gang Samtidig meiner både Vegdirektoratet og Samferdsledepartementet at arbeidet med å oppfylle dei nye krava er godt i gang.- Dei nye reglane har ikkje kome deisande på oss over natta. Eg reknar med at dei har vore med og påverka prioriteringane i fleire år, seier avdelingsdirektør Arnfinn Øen i Samferdsledepartementet.