— No vert det enklare, billigare og likare for alle, seier Erling Lae.

Han er leiar i gravferdsavgiftsutvalet, som måndag overleverte si utgreiing til kulturminister Thorhild Widvey.

Utvalet foreslår å fjerne fleire avgifter som dei etterlatne må betale i samband med gravferd.

Hovudforslaga er:

  • Kremasjon skal vere gratis.
  • Etterlatne skal ikkje betale meir om avdøde gravleggjast i ein annan kommune enn personen budde i.
  • Gravleggingar utløyser 20 betalingsfrie år.
  • Festeavgifta skal framleis bli fastsett lokalt, men skal vere den same for alle festa graver innanfor kommunen.

- Må behandlast likt

I dag er ikkje kremasjon likestilt med kistegravlegging, korkje økonomisk eller juridisk.

— Vi meiner kremasjonsavgifta er gått ut på dato. I nokre religionar må du kremerast, i andre må du gravleggjast i kiste. Da må samfunnet behandle det likt, seier Lae.

No er det også slik at det er gratis å gravleggjast i kiste i den kommunen du bur i. Skal du derimot passere kommunegrensa, kan det utløyse ei avgift.

— Det kan det bli frykteleg dyrt. Prisen kan kome heilt opp i 18.000 kroner, seier Lae.

20 gratis år

Eit anna forslag er å rydde opp i er at det er 20 avgiftsfrie år berre første gong ei grav vert brukt. Dersom til dømes ein ektefelle skal gravleggjast i same grav etter at det er gått 20 år, må ein betale festeavgift med ein gong.

Om ein vert gravlagt i ein annan kommune, er det heller ikkje 20 betalingsfrie år.

Gravlegginga skal vere gratis

Rapporten slår fast at gravlegging er eit offentleg ansvar og skal vere utan kostnad for dei etterlatne. Seremonien er derimot eit privat ansvar.

I Bergen har det aldri vore eigen kommunal avgift på kremasjon.

Rapporten skal no ut på høyring. Om forslaget blir ein del av gravferdslova, kan det gjere at kremasjon blir meir brukt i heile landet. Det kan også bidra til å løyse nokre av problema med mangel på gravplassar.

Prosentdelen som vel kremasjon i Noreg er gått opp dei seinare åra.