I Stortingets spørjetime i dag sa Sp-statsråden at forsøk med gratisferjer er nedprioritert av regjeringa til fordel for satsing på veg og jernbane. Ho la til at regjeringa har fått auka ferjerabatten til 50 prosent på sone— og verdikort, og at ei forsøksordning med gratisferjer framleis er til vurdering.

Navarsete svara på eit spørsmål frå hordalandrepresentant Arne Sortevik (Frp). Han minna om at Senterpartiet har programfesta gratisferjer i inneverande periode, og at Møreforskning alt i 2007 tilrådde forsøk med gratis ferjer.

– Regjeringa har satsa på ferjesektoren, med auka frekvensar og kapasitet. Vi har brukt nær ein milliard kroner meir enn rammene i Nasjonal Transportplan. Ifølgje rapporten frå Møreforskning vil det kosta to milliardar kroner å gjera alle riksvegferjer gratis, sa Liv Signe Navarsete i svaret sitt til Sortevik.

– Regjeringa vil kort og godt ikkje bru-ka pengar på dette. Statsråden svarar at ho vil jobba med det også i 2009, trass i at det ikkje er nevnt i statsbudsjettet for 2009. For Senterpartiet er dette eit stort løftebrot i forhold til at gratisferjer var valkampsak før storingsvalet i 2005, seier Arne Sortevik.

Noreg har om lag 130 riksvegferjesamband der dei reisande betalar rundt 1,5 milliardar kroner i året i billettar og staten subsidierer med 1,8 milliardar. Tilsvarande samband i Sverige og Finland er gratis for dei reisande.

Meiner du dette er rett prioritert? Legg inn dine kommentarar under!

Erlend Aas/SCANPIX