Spørsmål om klima? Spør vårt klimapanel

Dette var samferdsleminister Liv Signe Navarsete sin nye bodskap på el-bilseminaret som Lærdal kommune har skipa til i dag.

Frå før er el-bilane fritekne for eingongsavgift og årsavgift, parkering på offentlege parkeringsplassar og passering av bomringar er gratis, og dei kan køyra i kollektivfelt.

– Vi er må bryta samanhengen mellom auka velstand og auka klimautslepp, sa statsråden på seminaret i heimbygda.

Lærdal kommune har kjøpt inn fleire elbilar av merket Think som tenestebilar. Sjølv med bruk av straum som er produ-sert ved kolkraftverk, er det miljøvinst å henta med el-bil, fordi dei er energieffektive. I Noreg er det no registert rundt 1500 el-bilar.

KLIMA-TANKE: Think-bilar i teneste for kraftkommunen Lærdal. Ordførar Arne Sande held i dag el-bilseminar på Lærdalsøyri.
Arne Hofseth