Dermed vert den 34 år gamle førskulelæraren frå Flora, opphavleg frå Bremanger, historisk. For første gong har SV kapra stortingsmandat i Sogn og Fjordane.

Men før alt var klart, var det ei valnatt med neglebitande spenning. Ap og SV kjempa jamt om sistemandatet heile kvelden, og i periodar berre ei handfull stemmer skilde dei to partia.

Ikkje før resultatet i Bremanger var klar like før 23.30 vippa kampen om sistemandatet i SVs favør for alvor. Og då resultatet frå Røys heimkommune Flora tikka inn, var nervedramaet over for 34-åringen.

"Kjempeval"

— Eg er lukkeleg. Eg er overlukkeleg, jubla Grande Røys då valresultatet var klart.

— Eg har nett fått tekstmelding frå onkelen min. Han skal heise flagget i morgon. Same har far min sagt han skal gjere. Så i morgon vert det flaggdag i familiane Grande og Røys, jubla den nyvalde stortingsrepresentanten like over midnatt valgnatta.

Flora er SV-representantens heimkommune. Og i ein kommune som har tradisjon for å mobilisere for sine eigne, var det venta eit sterkt resultat for Grande Røys. Likevel var det uventa at SV, med 22,2 prosent, skulle verte største partiet i den største kommunen i fylket. Ikkje minst fordi Aps førstekandidat Reidar Sandal kjem frå Flora.

Ap tapte i Sogn

Som i resten av landet er Ap også den store taparen i Sogn og Fjordane. Partiet misser andremandatet dei har hatt i ei årrekkje, og Førde-ordførar Aud Viken kjem ikkje på Stortinget.

Ikkje minst er tilbakegangen i Førde, Aud Vikens heimkommune, oppsiktsvekkande. Trass i at Viken stod på kampplass, mobiliserte ikkje førdianarane for ordføraren sin. Tilbakegangen frå sist stortingsval vart på heile 8,3 prosent.

Den store tilbakegangen for Ap kan delvis forklarast med at partiet gjorde eit dårleg val i Sogn. Alt etter at nominasjonsmøtet i partiet sette to sunnfjordingar på toppen, vart det hevda at dette kunne gje seg utslag i dårleg Ap-val i sognekommunar. Langt på veg fekk kritikarane av at ingen sogningar stod i toppen av Ap-lista rett.

Bra Sp-val

Senterpartiet gjorde eit langt betre val enn dei siste meiningsmålingane kunne tyde på. Men det var for så vidt ikkje så uventa. Tradisjonen tru gjer Sp det alltid betre i val enn på meiningsmålingar i Sogn og Fjordane. Slik også denne gongen.

Valresultatet syner også at sogningane har mobilisert for Sps andrekandidat Liv Signe Navarsete. Ho var den einaste sogningen som hadde ein reell sjanse til mandat. Truleg har mange Ap-veljarar røysta Sp i håp om at det skulle sikre Navarsete plass på Stortinget.

Ein annan konklusjon på valnatta er at Sogn og Fjordane ikkje tok høgrebølgja. Høgre gjekk kraftig tilbake frå meiningsmålingane, og hamna med 12,8 prosent oppslutnad. Frp greidde det heller ikkje denne gongen, sjølv om dei med 10 prosent var nærast til å ta sistemandatet.

SOM ETT SKUDD: SV kommer inn på Tinget også fra Sogn og Fjordane - takket være Heidi Grande Røys (t.v.) og Kristin Halvorsen.
FOTO: ODDLEIV APNESETH