• KOKKEKLAR: I 2010 opna Geir Skeie restaurant i Sandefjord. No satsar han på Stord.

    FOTO: Jan M. Lillebø

Gourmetkokk på kaien

Stjernekokk Geir Skeie frå Fitjar satsar på ny fiskerestaurant på kaikanten på Leirvik.

Før var det pizzarestaurant på Sunnhordlandskaien. No blir det gourmetrestaurant med to gonger Bocuse d'Or-vinnar, Geir Skeie. 31-åringen frå Fitjar vann europameisterskapen i kokkekunst i 2008. Året etter vann han det som blir rekna som verdsmeisterskapen i Bocuse d'Or.

Satsinga på restauranten på Sunnhordlandskaien skjer i lag med GSE Sandvik, som eig lokala. Det er avisa Sunnhordland som skriv om saka i dag.

Fitjarfamilie er investorar

- Eg har hatt lokala på Sunnhordlandskaien i kikkerten og tenkt at dersom eg skulle starta opp noko på Stordøya, så vart det her, seier Skeie til avisa.

Meisterkokken opna restauranten «Brygga 11» i Sandefjord, Også der er GSE Sandvik AS inne som investorar og eig 50 prosent av restauranten. I tillegg eig dei saman selskapet Vinhav Geir Skeie AS, som driv engroshandel av vin og brennevin.

Samarbeidet med familien Sandvik frå Fitjar starta då dei kom med som sponsorar under Bocuse d'Or. Svein og Gunny Sandvik har vore sentrale i skipsdesignverksemda Vik-Sandvik, som i 2008 blei seld til Wärtsila for litt over ein milliard kroner.

- Ekstremt matinteresserte

- Me er glade for at Geir Skeie har motivasjon og kapasitet til å driva også på Stord, seier Svein Sandvik i GSE Sandvik. Sjølv hevdar han å brenna for mat, vin og skipsdesign.

- Sandvik-syskena er ekstremt matinteresserte. Eg har lært mykje av dei, seier Skeie.

Til hausten startar ombygging i dei gamle pizzalokala til Dolly Dimple's i hjartet av Leirvik. Sjølve restauranten opnar ikkje før i februar-mars til neste år.

- Det skal bli gøy å få gjera noko der ein kjem ifrå. Og så blir det bra å få litt god mat på øya. Det som har vore bra er vel Fengselet. Elles har det vore dårleg, diverre! seier kokken.

Les også

Siste fra Innenriks

o Kvinne funnet død i bilen - hadde sittet der et døgn

En kvinne i 70-årene satt død i bilen sin utenfor banken i Moelv i nesten et døgn før noen oppdaget henne.

Frp åpner for bompenger

De tviholder fortsatt på statusen som bompengefiender, men i dag vedtok Frps landsmøte å åpne for at bilister noen ganger må betale.

Frp vil slå sammen
kommuner med tvang

Frps landsmøte stemmer nå over nytt partiprogram.

o Naken mann løp rundt på jorde med sauer

Lovens lange arm får noen ganger oppdrag av det mer kuriøse slaget. Natt til lørdag måtte politiet blant annet ta seg av en naken polakk som ble sett løpende på et jorde blant sauer.

Vannet minker i elvene, men stiger i innsjøene

Vannføringen i de fleste vassdragene har kulminert, mens vannstanden i innsjøer som Mjøsa, Øyeren, Randsfjorden og Tyrifjorden er økende, opplyser Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

"Kong Carl" gjorde comeback

Carl I. Hagen kaller pensjonistoppgjøret grunnlovsstridig

Relaterte bilder

FRÅ PIZZA TIL FISK: Før var det pizza på Sunnhordlandskaien. Neste år opnar gourmetrestaurant. - Det skal bli bra å få litt god mat på øya, seier Geir Skeie. FOTO: Jan M. Lillebø

SIGNALBYGG PÅ KAIEN: I dette bygget sentralt på Leirvik vil restauranten liggja ut mot sjøkanten. FOTO: Ove A. Olderkjær

Dette deler våre lesere på Facebook:


Mest lest

Siste saker

På forsiden nå