EYSTEIN RØSSUM ATLE ANDERSSON eystein.rossum@bt.no

Dei oppsiktsvekkande forskingsresultata blir publisert i dag i eitt av verdas mest prestisjefylte forskingstidsskrift, "Nature", og har allereie vekt internasjonal oppsikt.Forskarane har gjort målingar som for første gong dokumenterer at straumen av kaldt vatn frå dei store djupa i Norskehavet og sørover til Atlanterhavet er kraftig redusert dei siste 50 åra. I Færøybank-kanalen, ein av dei viktigaste transportvegane for dette vatnet, er reduksjonen anslått til så mykje som 25 prosent sidan 1950. Har vore spådd lenge Denne transporten av kaldt vatn frå nord er den viktigaste motoren for Golfstraumen, som fører varmt vatn opp gjennom Nord-Europa, og som er heilt avgjerande for det milde klimaet vi har.Forskarane er nesten heilt sikre på reduksjonen i transporten av kaldt vatn sørover også fører til ei oppbremsing av Golfstraumen, og anslår reduksjonen til å vere om lag seks prosent dei siste 50 åra.Forskarane som studerer den globale oppvarminga som følgjer av auka CO2-utslepp og drivhuseffekten har lenge spådd nettopp denne utviklinga. Usikker årsak — CO2-modellane tilseier at det vi no har dokumentert vil skje. Men om det faktisk er drivhuseffekten som har skulda kan ingen seie sikkert i dag. Det oppsiktsvekkande med det vi no publiserer, er at vi for første gong kan påvise ein reduksjon i djupvass-straumane, seier klimaforskar Svein Østerhus på Bjerknessenteret ved Universitetet i Bergen.Han er ein av forfattarane av artikkelen i "Nature", saman med forskarar frå Skottland og Færøyane. Kan ramme fiskeriet Paradoksalt nok kan det hende at ein redusert Golfstraum kan vere med å stabilisere klimaet langs Norskekysten. Det reduserte varmetilførsla kan kanskje kompensere for temperaturauken frå drivhuseffekten.- Men dette er uhyre kompliserte mekanismar, som vi ikkje kan seie noko sikkert om i dag, seier Østerhus.Ein mindre hyggeleg effekt er at kaldare vatn i havet kan føre til dårlegare levekår for fisk. Det er allereie dokumentert at det blir transportert mindre Raudåte-plankton - ei av dei viktigaste næringskjeldene for fisk - inn i Nordsjøen no enn tidlegare. Målingar i 50 år - Vi lurer på om det kan vere ein samanheng med dei reduserte havstraumane, dette er noko av det vi ønskjer å forske meir på, seier Østerhus. Forskingsresultata som no blir publiserte er bygde på to kjelder: Sidan 1995 har forskarane overvaka straumane i Færøybank-kanalen sør for Færøyane. Desse målingane har dei så kombinert med vassprøver og temperaturmålingar gjort i Norskehavet gjennom 50 år frå værskipet "Polarfront".- Denne 50-årsserien er den lengste som finst i heile verda, og er av uvurderleg verdi, seier Østerhus, som håpar på at målingane på "Polarfront" får halde fram også i åra som kjem.