Ta ein kikk på grafikken her på sida. Sjå korleis kvar topp i arbeidsløyse ligg høgare enn den førre. Likeeins er det når arbeidsløysa fell: botnen ligg alltid høgare enn førre botn. I rykk og napp stig arbeidsløysa til høgare nivå.

Hysterese kallar økonomane dette fenomenet. Kort sagt betyr det at arbeidsløysa går lettare opp enn ned.

I nedgangstider kuttar verksemdene kostnader, kvitter seg med tilsette og organiserer seg betre for å få meir ut av kvar tilsett dei har att.

Dermed vert bedriftene meir effektive. Når oppgangstidene kjem, etterspurnaden aukar og produksjonen av varer eller teneste skal opp på nytt, trengst det færre folk for å gjere same jobben som i førre oppgangsperiode.

Slik vert arbeidsløysa jekka opp sakte men sikkert — slik at vi i dag ikkje reagerer på ei arbeidsløyse som er over fire gongar høgare enn kva som var akseptabelt for berre 30 år sidan.

Det er denne mekanismen som gjer det så vanskeleg for politikarane å kome med tiltak som får arbeidsløysa nedover.

Heilt sidan slutten av andre verdskrigen og inn på 70-talet låg arbeidsløysa og duppa rundt og under ein prosent. Dette var også det nivået som var politisk godtatt.

Jamt og trutt er vi blitt vane med høgare og høgare arbeidsløyse. Både på 70- og 80-talet (sjå grafikken) utløyste stigande arbeidsløyse politisk rabalder. Men bråket gav seg når fleire kom i arbeid igjen.

No ligg arbeidsløysa og duppar like under fire prosent. Det er vanskeleg å sjå at talet på arbeidslause blir det store temaet i valkampen. Truleg kan arbeidsløysa stige til godt over fire prosent igjen utan at den vert eit stor tema i den politiske debatten.

Folk flest ser heller ikkje ut til å reagerer så mykje på arbeidsløysa, så lenge den er stabil.

Sett på spissen er det stigande arbeidsløyse vi vert skremd av, ikkje høg arbeidsløyse.

Den sterke veksten i bustadprisar dei siste åra eir eit døme på det. Det var då arbeidsløysa steig for eit par år sidan, at eigedomsmeklarane såg kjøparane vart meir varsame. Då arbeidsløysa slutta å stige kom kjøpelysta tilbake, sjølv om arbeidsløysa hadde sett seg fast på eit høgare nivå enn før.