Slutterklæringa frå NATO-toppmøtet var i går ferdig framforhandla på dei punkta som gjeld USAs omstridde rakettforsvar.

I teksten, som BT kjenner hovudtrekka i, heiter det at alle NATO-landa «recognises» – erkjenner – at det amerikanske rakettskjoldet vil bli bygd ut i Europa. Kommunikeet slår fast at rakettrusselen er aukande, og at rakettskjoldet er eitt av fleire tiltak for å møte denne faren.

Toppmøtet ber NATO-ambassadørane i Brussel halde fram arbeidet med å sjå på korleis NATOs rakettsystem eventuelt kan koplast saman med det amerikanske skjoldet. Resultatet skal vera klart i 2009.

Ikkje endeleg vedtak I Soria Moria-erklæringa til dei raud-grøne heiter det at regjeringa «skal arbeide for å skrinleggje dagens planar for rakettforsvar».

Utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) ville i går ikkje gå ut med den framforhandla teksten frå toppmøtet. Han omtalte teksten som eit kompromiss mellom alle dei 26 NATO-landa, som også Noreg har «måtta akseptere». Han la også vekt på at det ennå ikkje er gjort noko NATO-vedtak om å kople seg på det amerikanske systemet.

– Vi erkjenner at trusselen frå langtrekkande rakettar mot NATOs territorium og folk er aukande. Og det amerikanske rakettforsvaret vil isolert sett gje auka vern, sa Støre i Bucuresti.

– Spørsmålet er om det også totalt sett vil gje auka tryggleik. Det er eit politisk spørsmål, sa utanriksministeren. Noreg har lenge åtvara mot faren for eit nytt rustingskappløp. Sluttdokumentet oppmodar til samarbeid med Russland i det vidare arbeidet.

Punkt om nedrusting For dei norske forhandlarane var det viktig å unngå formuleringar som at NATO «ønskjer USAs rakettskjold velkome», ikkje minst av omsyn til regjeringas framtid, og fekk gjennomslag for dette.

Samtidig ser USA den endelege teksten som ei viktig anerkjenning frå NATO av rakettskjold-planane – ikkje minst fordi NATO også skal halde fram arbeidet med å vurdere samankopling, felles kommandostrukturar og tekniske løysingar.

Slutterklæringa slår vidare fast at NATO skal sjå på korleis dei kan bidra til større nedrusting, ikkje-spreiing og våpenkontroll. Også dette har vore eit viktig punkt for Noreg, for å sukre den bitre pilla som rakettskjoldet er. SV i regjering har måtta akseptere formuleringar som bryt med partiet sin politikk.

Tysdag kveld vart landsstyret i SV orientert om den dramatiske «snuoperasjonen», for å førebu partitroppane på det som ville kome. Partiorganisasjonen vil nå ha ei oppgåve i å sløkke «branntillaup» som måtte oppstå i kjølvatnet av NATO-forliket. «Det var ingen jubel i landsstyret» som ein deltakar formulerer det overfor BT.

I går ettermiddag var det gruppemøte i partiet på Stortinget. BT er kjent med at fleire stortingsrepresentantar er opprørde over utviklinga.

SV forsvarar seg nå med at NATO-kommunikeet ikkje inneber eit vedtak som seier ja til rakettskjold nå.

SV «parkert» Opposisjonspartia på Stortinget meiner tilslutnaden til NATO-kommunikeet inneber at «SV er parkert» i tryggingspolitikken, slik Høgre-leiar Erna Solberg formulerer det.

– Regjeringa har nå kome til sannings augneblink. Det var naudsynt. SV har tapt totalt. Når det kjem til stykket, er det Ap som bestemmer. Det har vore underleg å oppleve at einskildstatsrådar har rykka ut på ein måte som berre har vore spel for galleriet, seier KrF-leiar Dagfinn Høybråten.

– SV er med på ferda. Nå får det bli slutt med å protestere for allverda. Regjeringa og Noreg har med dette akseptert at det kan bli ei form for missilforsvar i framtida, seier Venstre-leiar Lars Sponheim.

Opnar for NATO-skjold Høybråten seier at den største utfordringa kjem dersom land i NATO, som ikkje vil bli dekt av eit amerikansk rakettskjold, vil krevje tilsvarande vern som dei landa som vil kome inn under «USA-paraplyen».

– Det er nærliggjande å tenkje seg at etablering av eit amerikansk rakettskjold då vil kunne tvinge fram eit rakettskjold i NATO-regi, seier Høybråten.

SV sin forsvarspolitiske talsmann, Bjørn Jacobsen, trøystar seg og partifellene med at det nå ikkje skal fattast eit vedtak i NATO om bygging av eit rakettskjold. Nå er det berre snakk om ei politisk meiningsytring, slik han ser det. Difor vil han ikkje nå vedgå at Regjeringa sitt standpunkt er eit direkte brot på Soria Moria-erklæringa.

– Heilt annleis ville det vore om det i morgon skulle fattast eit vedtak. Å røyste for eit vedtak nå i tråd med innhaldet i kommunikeet, ville ha vore i strid med Soria Moria-erklæringa, seier Jacobsen.