Godsselskapet omsette for over 1,3 milliardar kroner i fjor, men underskot vart det likevel.

CargoNet var fram til i går einerådande godstransportør på det norske jernbanenettet utanom malmtransporten på Ofotbanen til Narvik. Selskapet har om lag 1000 tilsette. Det vart til ved å skilja ut godsdivisjonen frå NSB og la dei svenske kollegane kjøpa seg inn med 45 prosent. SJ sin tidlegare godsdivisjon er no skilt ut i eige kommersielt, men statseigd selskap og flytta frå samferdsledepartementet til næringsdepartementet.

Fritt fram

Frå og med i går er det fritt fram for andre (les: utanlandske) jernbaneselskap å frakta gods på norske jernbaner. Også norske private selskap kan ta opp jernbanetransport når dei har skaffa seg tryggleikskompetanse som styresmaktene kan godkjenna. Administerande direktør Kjell Frøisli i CargoNet trur at restrukturering den siste tida, og satsing kombinerte transportar posisjonerer selskapet som leiande aktør også i den nye konkurransesituasjonen.

20-30 prosent

CargoNet har i dag mellom 20 og 30 prosent av landtransporten mellom dei største byane i Sør-Noreg. Om lag 300.000 containarar, som elles hadde gått med lastebilar, vert årleg dregne med lokomotiv her i landet.