Eitt av tiltalepunkta gjeld at han dro ned buksa og gnei penis mot fleire vindauge i vaktbua som tilhøyrer ambassaen.

Denne hendinga skjedde klokka 02.38 onsdag 24. juni 2009. Nokre minutt tidlegare skal han også ha freista å rive ned riksvåpnet som var festa til veggen på den amerikanske ambassaden ved å sparke og slå. Men forsøket mislykkast.

Som forsvarar for 40-åringen møter ingen ringare enn advokat Ellen Holager Andenæs. Ho har tidlegare vore sjef for ordenspolitiet og kriminalsjef i Oslo. Ho har også vore statsadvokat og sjef for overvakingspolitiet.

22. oktober 2009, også då på natta, nærare bestemt klokka 03.40, skal 40-åringen ha krenka ein framand stat ved å gjere skade eller tilsmussa område eller bygning som blir nytta av slik representant, ved at han urinerte på inngangspartiet og reiv laus gjerdet ved inngangspartiet til den amerikanske ambassaden.

Alt dette skjedde trass i at han i januar 2007 gjennom ein dom frå Oslo tingrett var ilagd forbod mot å komme nærare den amerikanske ambassaden enn 100 meter.

Han hadde likevel lov til å passere ambassaden innanfor 100-meters-beltet ombord i offentleg kommunikasjonsmiddel.

Mannen må i tillegg svare for fleire tilfelle av å ha søkt å hindre politiet i å utføre lovlege tenestehandlingar. Han skal ha truga med å skalle ned ein politimann «slik at han vart drept» og kalla den same politimannen «hore».