— Dette er overraskande. Fleirtalet i Stortinget var heilt tydeleg på at elevane skal ha ein standpunktkarakter i sidemål og ein i hovudmål. Eg går ut frå at Kristin Clemet rettar det opp, seier Arne Lyngstad (KrF).

I utkastet til ny læreplan bryt Utdanningsdirektoratet med det fleirtalet i Stortinget har bestemt, meiner Lyngstad, som er medlem i Utdanningskomiteen på Stortinget.

- Må ordnast opp

— Når karakteren blir teken vekk frå faget, er dette eit tydeleg signal, seier Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag.

— Karakteren er den viktigaste målestaven i skulen, og den reelle meldinga til elevar og lærarar er at sidemålet ikkje er noko ein skal bruke så mykje tid på, seier Tungesvik.

I fjor sommar gjorde regjeringspartia KrF, H og V forlik med Ap om å styrke nynorsken i opplæringa. Ein del av forliket var krav til eigne karakterar i sidemål og hovudmål i grunnskulen og vidaregåande skule med formuleringa: «sidemål skal vere gjenstand for vurdering på vanleg måte, på lik linje med andre skulefag».

Men i forslaget til ny læreplan som Utdanningsdirektoratet nyleg har laga, står det at elevane skal ha ein karakter i munnleg og ein karakter i skriftleg. Standpunktkarakteren i sidemål er ikkje nemnt.

- Berre eit utkast

— Det skal vere ein eigen standpunktkarakter i sidemål, seier Vidar Bjørnstad (Ap), medlem i Utdanningskomiteen, som lurer på om Utdanningsdirektoratet har oversett forliket i arbeidet med læreplanane.

— Eg går ut frå at leseforståinga til folka i direktoratet er god, og at dette blir retta opp.

Statssekretær Helge-Ole Bergesen i Utdanningsdepartementet seier at departementet skal ordne opp i dette. Læreplanane ligg no til behandling i departementet, og arbeidet skal vere ferdig til sommaren.

— Betyr det at sidemålskarakteren er inne i læreplanen igjen då?

— Det som kom frå direktoratet var berre eit utkast. Vi vil følgje opp det Stortinget har bestemt, seier Bergesen

Men Mållaget føler seg ikkje heilt trygge.

— Det er i høgste grad viktig at han seier dette offentleg, seier Tungesvik.