Mange vitjar kvart år gravstaden til den største kunstnaren frå Sogn og Fjordane. Men det er knapt råd å lese inskripsjonane på steinane ved kyrkja på Ålhus.

— Medan Jølster kommune har brukt millionar på å få til eit besøkssenter i Astruptunet, har grava forfalle. På folkemunne kallar dei gravstaden "Astruprøysa", melder avisa Firda Tidend .

Blomar blir planta og gravene blir stelte, truleg av bygdefolket. Men på steinane er det knapt råd å lese namna lenger, og ingen står som festar for familiegrava.

-For at gravene skal kunne stå lenger, må nokon ha ansvaret for dei, skriv fungerande kyrkjeverje i Jølster, Jon Ivar Friborg.

Han meiner kyrkja og kommunen må kome fram til ei ordning som gjer at familiefolk, bygdefolk, turistar og andre har ein verdig gravstad å gå til. I tillegg til gravstaden står det også ein bauta utanfor kyrkjegarden.

— Vi må få eit felles opplegg for gravene og bautaen, meiner Friborg.