Geitebøndene på Myrdal lagar kvit geitost, og skal saman med andre småprodusentar skipa Bondens marked i Bergen neste laurdag.

— Hovudproduktet vårt er kvit geitost etter nederlandsk tradisjon, seier Ab Muilwijk som viser oss rundt på garden saman med sonen Morven (12).

Her er gardsbutikk, ostelager med ostar til mogning i lange rekkjer, yster, fjøs og moderne mjølkestall. Og når vi kjem ut til geitene, strøymer dei til og oppfører seg som om vi hadde vore med i «Idol» alle mann.

Politiske flyktningar

Ab og Birgitta er på sett og vis politiske flyktningar.

— Vi flytta hit for å komma unna EU. Det er ikkje berre enkelt å vera bonde her i landet, men i EU er det håplaust ille, slår Ab fast.

Familien kjøpte garden på Tysnes for to år sidan, men dei er slett ikkje nederlandske jordbrukssromantikarar med ein vag draum om katt og kaninar. Dei var geitebønder i Nederland òg.

— Vi dreiv med 350 geiter i fjøsdrift. Geitene kom aldri ut, og med berre 20 mål måtte fôret kjøpast. Det var håplaust å få kjøpt meir land, og skulle vi få det til å gå rundt, måtte vi stadig investera og utvida. Truleg måtte vi ha opp mot 1000 geiter. Vi ville ha meir areal, dessutan hadde vi lyst til å ysta, seier Ab.

No ser han dei 100 geitene sine (70 mjølkedyr) driva fritt omkring på beitet saman med kua dei har for å skaffa den kumjølka som trengst. På Myrdal rår han over 154 dekar dyrka jord 1500 dekar utmark.

Sakte skal garden leggjast om til økologisk produksjon. Vi står i enga og kjenner lukta av geit og vått gras. Geitene vil helst ha så tett kontakt som råd er, og driv på. Gneg på bukser og kamera og vil bli klødd på hovudet og prøver å nappa lommeboka ut or baklomma.

All mjølka nytta på garden

All geitemjølka vert nytta til osteproduksjon på garden. To gongar i veka ystar dei kvit geitost, både mild og mjuk til brødskiva, og meir mogen, parmesanliknande, til matlaging og snacks. Eit par timar kvar dag går med til å snu alle ostane som ligg til mogning. Dei vert vakkert voksa med spesialvoks, importert frå Nederland.

— De vil ikkje til med norsk brunost?

— Vi har utstyret, og kjem vel til å prøva ein gong. Men det er så mange som er flinke til å laga brunost, så det er gjerne best at vi held oss til det vi kan, seier Ab.

Viktig å spora maten

I Nederland fekk geitene berre surhå og kraftfôr. Ab slår fast at mjølka får ein heilt annan smak og kvalitet når geitene får gå fritt og gnaga i seg fjellgras, urtar og småskog. Nyebonden på Myrdal har god tru på tiltak som Bondens marked, eit opplegg han har sett både i London og Amsterdam.

— Vi satsar på eit relativt dyrt nisjeprodukt, og så langt har 50 prosent av arbeidstida gått med til marknadsføring. No sel vi ost gjennom delikatessebutikkar i fleire byar og gardsbutikkar. Men den direkte kontakten med kundane er veldig viktig. Folk er opptekne av å kunna spora matvarene. Dei vil rett og slett vita kvar maten kjem frå, og då er det viktig å kunna møta dei på torget, seier bonden under Tysnessåta.

FINE GREIER: Morven (12) likar seg godt på Tysnes, og einsamt vert det ikkje her oppe under fjellet. – Det er berre eit kvarter på sykkelen så er eg nede hos kameratane i bygda, seier Morven. <br/> FOTO: HELGE MORVEN
HELGE SKODVIN