HANS K. MJELVA

Nye utrekningar Arbeids— og Sosialdepartementet har gjort for BT viser at regjeringa dei siste fire åra har brukt 3,3 milliardar kroner på dei fattigaste her i landet.

Satsinga byrja med regjeringas fattigdomsmelding, som kom hausten 2002. Sidan 2002 har dei årlege løyvingane «til tiltak mot fattigdom/rusmiddelproblem» auka frå 310 til 1,3 milliardar kroner.

Regjeringa har plassert i alt 45 ulike tiltak i denne satsinga. Her er dei viktigaste:

n Tiltaksplassar for sosialhjelpsmottakarar under 25 år: 142 mill.

n Auka barnetillegg for uføre- og alderspensjonistar: 136 mill.

n Meir bustønad for barnefamiliar: 77 mill.

n Auka barnesatsar ved sosialhjelp: 70 mill.

n Målretta arbeidsmarknadstiltak: 70 mill.

n Styrking av kommunanes innsats for rusmiddelbrukarar: 70 mill.

n Styrka arbeid mot rusmiddelproblem: 66 mill.

n Auka metadonbehandling og helsetiltak for rusmiddelbrukarar: 55 mill.

n Styrking av behandlingstilbodet for rusmiddelbrukarar: 50 mill.

Fleire på sosialhjelp

Talet imponerer likevel ikkje opposisjonen. Ifølgje SV har regjeringa tatt langt meir frå dei same gruppene.

Med utgangspunkt i statsbudsjetta for 2002, 2003 og 2004 har SV rekna seg fram til at regjeringa har tatt 6,3 milliardar kroner frå «barn, sjuke og arbeidsledige»:

n Kutt i barnetrygd: 1,98 mrd.

n Kutt i arbeidsløysetrygd: 1,68 mrd.

n Auka eigendelar: 1,6 mrd.

n Kutt i SFO: 217 mill.

n Kutt for yrkeshemma: 150 mill.

n Redusert inntektsgrense for bustønad til barnefamiliar: 120 mill.

n Kutt i uførepensjon: 95 mill.

n Kutt i rehabiliteringspengar: 95 mill.

n Svekt sjukelønsordning: 90 mill.

n Kutt i stipend ved stryk.

n Kutt for einslege foreldre: 30 mill.

I tillegg har inntektsforskjellane auka kraftig dei siste fire åra, på grunn av store skattelette. Dei tre første regjeringsåra (2001-2003) auka talet på sosialhjelpsmottakarar med seks prosent, frå 138.000 til 146.000.

Samstundes har arbeidsløysa auka frå 3,7 i november 2001 til 4,7 prosent i mai 2005.

SV lovar mest

Statsminister Kjell Magne Bondevik la sjølv hovudet på blokka i Aftenposten måndag. Der tok han sjølvkritikk for at regjeringa har gjort for lite for dei fattige.

Ifølgje regjeringa er det om lag 90.000 fattige her i landet (2004). Då er «fattige» definert som dei som tener under 82.000 kroner i året (satsen gjeld einslege).

Om ein følgjer EU-standarden, slik SV ønskjer, er det heile 400.000 fattige her i landet. Det vil seie dei som tener under 119.000 kroner i året.

Ifølgje VG vil KrF ikkje talfeste den vidare satsinga på fattige i neste stortingsperiode, berre at dei vil forsterke innsatsen.

SV-leiar Kristin Halvorsen derimot lovar fire milliardar kroner til nye tiltak for fattige, i tillegg til større overføringar til kommunane.