TERJE ULVEDALterje.ulvedal@bt.no FørdeSå langt har fire skular trekt seg frå skuleframsyningar med draumespelet om to av historias mest vidgjetne sogningar, stortjuven og sogndølen Gjest Baardsen og løparkongen Mensen Ernst frå Fresvik. Andre skular tel på knappane. Informasjonssjef Hans Jakob Reite ved Sogn og Fjordane Teater legg ikkje skjul på at omtalen av sexen i stykket har gitt skulane kalde føter. Teateret har tilrådd stykket vist for ungdoms— og vidaregåande skular, men må no avlyse skuleframsyningar.- Deler av Johs B. Thue sin omtale av stykket i Sogn Avis, og ei overskrift i Firda om dristige sex-fantasiar, har skapt reaksjonane, skriv Reite i ei pressemelding. I meldinga understrekar teateret også at sex-fantasiar ikkje er det sentrale i stykket. - Yter ikkje rettferd Den største av skulane som har takka nei er Flatbygdi skule i Vik i Sogn. Vel 100 elevar skulle sett framsyninga på kulturbåten "Innvik" i slutten av mars. Inspektør Arild Thingvoll seier dei bestilte framsyninga fordi ho handlar om to av historias mest berømte sogningar.- Sex-fokuseringa er eine årsaka til at vi trekkjer oss. Den andre er at vi føler teateret ikkje øver rettferd mot dei to personane. Det er mykje fri dikting i stykket. Den historiske informasjonen vi trudde elevane ville få, manglar, seier Thingvoll til Bergens Tidende.- Men trur du ikkje elevane ved Flatbygdi skule har sett verre ting? - På video og fjernsyn har dei heilt sikkert det. Men som skule ønskjer vi å gå god for det elevane skal vere med på. Avisomtale Thingvoll legg ikkje skjul på at leiinga ved skulen har bygd avgjerda på omtalen til Johs B. Thue i Sogn Avis, og på ein debatt på NRK Sogn og Fjordane.- Ideelt sett burde vi sett framsyninga først, men det har ikkje vore praktisk mogleg. - Skal du sjå den ordinære framsyninga i Vik?- Det har eg veldig lyst til. Eg trur dette er eit stykke som høver betre for eit vakse publikum enn tenåringar. I Balestrand har den kristne Sygna vidaregåande skule også takka nei. Forklaring frå leiinga ved skulen er ikkje først og fremst sexfokuseringa, men at tema var annleis enn dei trudde.Også framsyninga i Balestrand heng i ein tynn tråd. Ungdomsskulen i kommunen, Sagatun, tel nemleg på knappane.- Vi skal diskutere dette måndag, opplyser rektor Karstein Fardal.