Dette er resultat av ein delegasjonstur som LO i Noreg gjennomførde til Sellafield tysdag og onsdag i denne veka.

Delegasjon på seks

Saman med norsk LO går britisk LO og fagforeininga på Sellafield inn for at det blir iverksett ein reinsingsprosess som vil skilje ut det radioaktive stoffet Technetium (Tc-99).

Dette opplyser LO-sekretær Trine Lise Sundnes til bt.no. Ho var delegansjonsleiar for den norske delegasjonen på seks. I delegasjonen hadde representantar for Norsk Sjømannsforbund, Fellesforbundet og Norsk Nærings— og Nytelsesmiddelarbeiderforbund.

Tonen skjerpa

Norske styresmakter har i lengre tid pressa på for å få stansa dei radioaktive utsleppa frå Sellafield, utan å nå fram.

Frå norsk side er tonen kraftig skjerpa etter regjeringsskiftet og med Børge Brende som miljøvernminister.

— Under møta våre var det var semje om at det er heilt naudsynt å gjere noko med problema straks, med bakgrunn i den argumentasjonen og dokumentasjonen vi la fram, seier Sundnes.

— Dei hadde forståing for det alvoret vi opplever for heile havbruket på grunn av den auka konsentrasjonen av radioaktivitet som er registrert i farvatna våre, seier Sundnes.

Felles avtale

Etter møta vart det underteikna ein felles avtale som slår fast at det er semje mellom LO, britisk LO (TUC) og fagforeininga på Sellafield.

Her blir det slega fast at verksemda ved Sellafield har miljømessige konsekvensar som omfattar alle. Det blir også slege fast at både selskapet og fagforeiningane har eit ansvar for å ta opp desse problema.

Sundnes kan vidare opplyse at selskapet som driv gjenvinningsanlegget i Sellafield for tre år sidan presenterte opplegg eller metode for reinsing for britiske styresmakter.

— Problemet er berre at britiske styresmakter, det vil seie miljøvernministeren, ikkje har klart å bestemme seg for å seie ja til opplegget, seier Sundnes.