Dei tre ungdommane hadde lagt ut på tur frå Sandvik hyttegrend mot Landanuten (om lag 600 m.o.h). På beina hadde dei joggesko — ikkje ski.

Dei møtte meir snø enn dei tydelegvis hadde rekna med, og mista òg oversikt over kor dei var.

— Ungdommane, ei jente på 20 år, og to gutar på 20 og 22, kontakta sjølv politiet i 18-tida. Det seier operasjonsleiar i Haugalandet og Sunnhordland politidistrikt, Trond Friberg.

Redningsmannskap frå Røde Kors vart sendt opp i fjellet. Via ein kjentmann som ungdommane hadde kontakt med, fekk dei fire redingsmennene ein peikepinn om kor ungdommane kunne vera.

— Ungdommane fekk beskjed om at det var betre å gå enn å sitja i ro. Men dei fekk òg beskjed om at dersom dei skulle gå nokon plass, måtte dei gå nedover. Sjølv om terrenget er ulendt, vil ein til slutt koma til vegen eller sjøen, seier Friberg.

Klokka 20.36 møtte redningsmannskapa ungdommane.

— Eg har fått høyra at dei gjekk i joggesko. Det er sikkert uproblematisk i byen, men ikkje i vestlandsfjella. Det er heller ikkje ei god livsforsikring å stola på at det er gsm-dekning der ein ferdast, seier Friberg.

— Turen verkar litt lite gjennomtenkt, legg han til.